Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kan havvind bli Lykkeland 2.0?

I NRK-serien «Lykkeland» fekk vi innblikk i starten på det norske oljeeventyret.

Leiarrolle: Havvind kan verte vår nye industrieventyr. Difor må Noreg ta leiarrolla og satse sterkt innanfor denne teknologien, skriv Harald Nyland. Foto: Mostphotos
Leiarrolle: Havvind kan verte vår nye industrieventyr. Difor må Noreg ta leiarrolla og satse sterkt innanfor denne teknologien, skriv Harald Nyland. Foto: Mostphotos

Dette har medført blant anna at vi kunne byggje opp dagens velferdssystem, samstundes var det startskotet for overgangen frå fiskenasjon til oljenasjon. Kan offshore vindkraft bli Lykkeland 2.0, som markerer overgangen frå oljenasjon til vindnasjon?

Vi er midt oppe i den viktigaste fasen for å gå over til eit lågutsleppssamfunn, noko som medfører at vi må ta i bruk ny teknologi. Noreg har fått ein sentral posisjon i kappløpet om å flytte vindmøllene frå land til havs. Den grøne straumen frå havvindanlegga kan dekke den mangedobla energibehovet vi treng i framtida. Klara vi også å utvikle bølgjekrafta, får vi innhente mykje fornybar energi til havs.

Annonse

Vår geografiske plassering gjer til at vi har gunstige vindforhold ute på norsk sokkel, der også vinden er meir konstant og kraftigare. Noko som medfører at ein produsera meir energi. Kombinerer vi dette med vår sterke posisjon innanfor maritim, offshore og landbasert industri har vi utruleg god forutsetning for å lykkast med flytande havvindpark. Eit godt døme på dette er HyWind Tampen, som vil forsyne Gullfaks og Snorre med straum.

For å få dette til treng havvind føreseieleggheit og gode incentivordningar, samt gode handelsavtalar og bilaterale avtaler for eksport av kraft. Sidan havvind er dyrare enn vindkraft på land, treng den også støtte for produksjon av energi.

Havvind kan verte vår nye industrieventyr. Difor må Noreg ta leiarrolla og satse sterkt innanfor denne teknologien. Vi har ein lang kystlinje som gjer det attraktiv, dyktige arbeidarar som er klar til å satse, samstundes som olje- og gassnæringa investerer mykje pengar i å få til ei god utvikling. La oss flytte vindparken ut til havet, for å innhente meir grøn energi!

Neste artikkel

Første etappe for dagligvare-regulering