Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kamp mot skrantesjuka og reetablering i Nordfjella

Villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell er fortvila på vegne av villreinstamma på Hardangervidda.

Villreinen i Nordfjella blei felt for å stoppe skrantesjuke. No er sjukdommen oppdaga hos villrein på Hardangervidda. Foto: Marit Hommedal / NTB
Villreinen i Nordfjella blei felt for å stoppe skrantesjuke. No er sjukdommen oppdaga hos villrein på Hardangervidda. Foto: Marit Hommedal / NTB

Av Villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell; Runar Tufto, leiar, Olav J Bøtun, nestleiar, Terje Terum, medlem arbeidsgruppa for CWD, Gunhild Dammstuen, medlem arbeidsgruppa for CWD og Siri W. Bøthun, sekertær.

Målet, som var å heve tryggleiksgraden for at området ikkje var smitta, vart borte rett framfor augo våre. Me seier våre. Ein god del av arbeidet i kampen mot skrantesjuke i Nordfjella har handla om å beskytte nettopp Hardangervidda mot smitte, og tiltak nr. 1 har vore å auke kunnskapsnivået. Kampen vidare, vert i enda større grad enn før, ei felles sak for dei to villreinområda.

Allereie dagen etter at Mattilsynet kjente til funnet av skrantesjuke på Hardangervidda inviterte dei breitt til møte. Dette gav gode signal om inkludering, og lat oss håpe, involvering. For no må nasjonal forvaltning ikkje gjere det feilgrepet at dei ferdigdiskuterer strategien og løysingane seg imellom, med råd berre frå forskarhald, før lokal forvaltning blir invitert med i arbeidet med å finne løysingar.

Me vart difor skuffa då Miljødirektoratet og Mattilsynet avlyste den første samlinga for ei faggruppe som skal arbeide med reetableringsplanen for Nordfjella sone 1. Prioriteringa er lett å forstå, og akseptere. Det trengs å frigjere kapasitet hjå forskarane og direktorata for å handtere det nye funnet. Men det er synd vi mister ein god moglegheit til å kome saman, med eit felles fokus.

Annonse

Me hadde håpa at forvaltinga for Hardangervidda kunne inviterast inn i den planlagde samlinga. For vi treng å møtast for å få den viktige, gode dialogen mellom lokal forvaltning, forskarmiljø og nasjonale organ på eit tidleg stadium i prosessane vi har føre oss.

Villreinutvalet og Villreinnemnda for Hardangervidda må væra tungt involvert i arbeidet dei no skal starta på Vidda. Dei må haldast kontinuerleg oppdaterte, inkluderast i arbeidsmøter, og nyttast aktivt som innspelspartar undervegs, til dei avgjerslene som vert teke av nasjonale organ.

Dette i tillegg til, eller saman med, råda frå «fagleg ressursgruppe» og Vitenskapskomiteen (VKM). Det vil gjere det mogleg med praktiske tilnærmingar, større omsyn til sjølve villreinbestanden, god dyrevelferd og ikkje minst eit langt lågare konfliktnivå.

Me vil tydleg understreke at me ikkje må miste målet om reetablering i Nordfjella av synet, sjølv om fokuset lyt endrast akkurat no. Med endra situasjon må nokre idear tenkast om att, men arbeidet med reetableringsplanen må ikkje skyvast for langt ut i tid. Me meiner det må i gang innanfor 2020.

For reetablering i Nordfjella og kampen mot smitta på Hardangervidda handlar i grunnen om same sak; korleis skal me klare å oppretthalde ei god villreinbestand framover.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Strømkostnadene – mye større enn strømregningen for desember