Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordvern kontra bustadområde

Ein miljø- og landbrukspolitikars dilemma.

Nokre gongar vik matjord for bustadbyggjing. (Biletet er ikkje frå Kviteseid i Telemark, men Rogaland.) Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Det er desse avvegingane mellom bustadtomter og andre utbyggingsføremål opp mot jordvern det ofte står mellom når nye arealplanar skal vedtakast i fråflyttingstruga distriktskommunar.

I kommunar som Kviteseid, der folketalet er ei stor utfordring, møter ein dette valet, som for mange politikarar burde vera eit dilemma. Eg vedgår glatt at det i alle fall for meg som både miljø-, landbruks- og distriktspolitikar er det.

Når ein veit at Kviteseids største utfordring, ved sida av å halde seg innanfor fastsette klimamål, er å auke folketalet, eller i det minste å stoppe fråflyttinga, er tilrettelegging av attraktive bustadområde med flotte og helst sentrumsnære tomter, saman med miljø-, klima- og trafikksikringstiltak som gang- og sykkelvegar, nokre blant mange andre verkemiddel for nettopp dette.

Annonse

Arbeidsplassar er eit anna viktig verkemiddel, og som kjem ei rekke andre attraksjonsverdiar, tenesteytingar, kulturtilbod og andre kvalitetsgode som ikkje ubetydelege tillegg for folk som verdset livskvalitet og trivsel i arbeid og fritid.

Når den gjengse påstanden frå administrativt og politisk hald er at det er vanskeleg å finne bustadområde som skal oppfylle attraksjonskrava utan å ta i bruk dyrka eller dyrkbar mark, møter ein ofte dei konfliktfylte vala for ein som burde tale varmt for å bevare matjorda. Det undrar meg noko at landbrukspartiet Sp ikkje i sterkare tonar flagg i slike saker.

For meg er dette i alle fall eit vanskeleg val, der omsynet til Kviteseids største utfordring, folketalet, også vege tungt, men der dei nasjonale føringane som Fylkesmannen målber til forsvar for matjorda ligg på den same vektskåla. Det signalet som eksponerer seg på den grøne og fine dyrka marka like ved nedkøyringa til Kviteseidbyen, men som ligg bak i tid med omsyn til revisjonen av arealplanen denne gongen, talar ikkje til fordel for kommunens klima-, miljø- og landbrukspolitikk.

Dette er refleksjonar etter handsaminga og vedtaket av den langsiktige arealplanen for Kviteseid kommune, der fokuset på bustadområde kan synast overeksponert samanlikna med andre arealmessige tiltak for å skape attraksjonsverdiar og positivt omdøme, med målsetjinga om folketalsauke.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Uakseptable kommentarer om dyretragedie