Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordbruksoppgjeret like interessant som finsk fjernsynsteater

Trist og grått, og gir omtrent like mykje i lommeboka.

På landsmøtet i 2019 vart det vedteke at sauen skulle prioriteres under årets jordbruksforhandlingar.  Men slike småting som landsmøtevedtak ser det ut som at Småbrukarlaget berre legg til side, skriv Ole-Petter Berget. Foto: Mariann Tvete
På landsmøtet i 2019 vart det vedteke at sauen skulle prioriteres under årets jordbruksforhandlingar. Men slike småting som landsmøtevedtak ser det ut som at Småbrukarlaget berre legg til side, skriv Ole-Petter Berget. Foto: Mariann Tvete

Vi tek ansvar, seier Bondelaget. Kva slags ansvar? For bonden? Det var så langt vi kom, seier Småbrukarlaget, nå må vi sjå framover. Rein hersketeknikk og tåkelegging. Anten så vil ikkje faglaga gjere det betre for sine medlemmer eller så er dei ikkje gode nok i forhandlingane. Unntatt for dei aller største bruka da. Dei som, ifølge Listhaug, skulle klare seg utan tilskot, og som dei siste åra har fått auka sin andel med cirka 75 prosent. Er faglaga fornøgde med den utviklinga?

Når det gjeld Småbrukarlaget er eg veldig usikker på om det er dei som dyrkar asparges i verandakassa og har 15 villsauer eller dei som har 100–200 vinterfôra sauer som er mest i fokus. Unntatt når kontingenten skal betalast, da. På landsmøtet i 2019 vart det vedteke at sauen skulle prioriteres under årets jordbruksforhandlingar. Men slike småting som landsmøtevedtak ser det ut som at Småbrukarlaget berre legg til side.

Det skrytes i det vide og breie om at det skal vere eit landbruk over heile landet, store og små bruk. Om det overhovud er nokon i faglaga som verkeleg meiner det, da må det komme fram i forhandlingane og ikkje berre frå talarstolen når det skal applauderes.

Faglaga sender ut såkalla studiehefte over heile landet, bønder samlast og bruker mange timar på å komme med innspel til forhandlingane. Og er i den meininga at det vil utgjere ein forskjell. Sanninga er den, at dette er det ingen sentralt som bryr seg noko om.

Annonse

Om Småbrukarlaget ikkje skal bli oppfatta som eit "bondelag-light" bør dei, om det er noko dei er ueinige i, bryte med Bondelaget før dei går i forhandlingar med staten.

Det hadde nok lønt seg godt for Småbrukarlaget å leige inn profesjonelle forhandlarar da det ikkje verkar som mannskapet er heilt på topp. Dei beste folka har anten slutta i styret eller meldt seg ut som medlemmer.

Det er så mykje det hastar med, som for eksempel betre inntekt. Slik at norske bønder ikkje må bli så store at dei må importere husmenn frå andre land for å jobbe for seg.

Og det handlar om sjølvforsyning. Det må bli slutt på at norske styresmakter ofrer landbruket i distrikta og importere kjøtt som vi fint kunne produsert sjølve. Og ikkje minst med eit langt mindre medisinforbruk i forhold til dei landa det importeres frå. Dette blir gjort berre for å redde laksenæringa, ei næring som forurenser mykje meir enn landbruket.

Nå er det på tide at den norske landbruksfamilien vakner. Dei tillitsvalde i faglaga og samvirkeorganisasjonane må nå gjere det dei får betalt for: Ta vare på den norske bonden, ta vare på store og små bruk frå kyst til fjell.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Vi trenger et norsk proteinskifte!