Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordbærkampen for tilværet

Dersom du i desse tider spør ein jordbærprodusent kvar han er, vil han sannsynlegvis svare: «på tur ein stad mellom himmel og helvete». Det er ingen spøk å drive med dei gjenstridige plantekulturane på friland, men dei er viktige for distriktslandbruket og forbrukarane.

Det er slik vi helst vil ha det: Friske jordbær – som raude juvelar rett ut av åkeren. Foto: Audun Skjervøy

Juni er i ferd med å skifte namn til juli. Skyene ligg lågt ned over fjella, og dei gongene det låge skylaget lettar litt, ser vi nysnøen som har krope heilt ned til tregrensa. I lågare lende ter nedbøren seg som eit endelaust iskaldt striregn dag ut og dag inn gjennom ei heil veke. Ei gruppe jordbærplukkarar har alt vore i gang ei lita veke, men jordbæra har trekt hua ned over øyra og auga og er kvite av kulde. Nye plukkarar er ventande dei neste dagane. Det er ikkje jordbæra. Ikkje med desse temperaturane.

Ønskjer du å treffe vêrsjuke menneske på denne tida av året, skal du leite deg fram til ein jordbærprodusent, eller ein fruktprodusent eller grønsaksprodusent for den del. Mobilskjermen hennar har eit tydeleg fingermerke akkurat der Yr-knappen ligg, og humøret svingar i takt med skydekket.

Ei frostri under blomstringa kan øydeleggje verdiar for hundretusenvis av kroner for ein fruktbonde. Ei kraftig regnbyge over ein jordbæråker full av modne bær kan føre til at bæra må fraktast heilt andre stader enn til butikken. Og få produsentar innanfor landbruket er meir prisgitte dei daglege svingingane i tilbod og etterspurnad enn jordbærprodusentane og andre grøntprodusentar.

Valldal, der vi held til, har vore eit sentrum for jordbærproduksjon på Vestlandet i mange tiår, ja, hundreårsjubileet for produksjonen her er for lengst feira. Men her følgjer vi den same trenden som i resten av landet: Talet på produsentar fell, jordbærarealet går ned. Sidan 2001 har talet på jordbærprodusentar i landet falle frå rundt 1100 til 259 i 2018. Det er dramatisk. Arealet med jordbær har variert, men dei siste ti åra har det vore ein nedgang frå rundt 18 000 dekar til rundt 14 000 dekar. Det er ikkje fullt så dramatisk, men talande for det som er i ferd med å skje: Færre produsentar dyrkar på større areal.

Annonse

Når etterspurnaden er størst, skal prisane pressast så lågt som råd – ja gjerne langt under produksjonskostnaden.

Den desentraliserte produksjonen med fleire små produsentar som forsyner ein lokalmarknad er i ferd med å dreie over til konsentrerte produksjonsmiljø som forsyner regionar og landsdelar, ja, heile landet. Nye dyrkingsteknikkar der bæra blir dyrka med importerte planter, på importert kokosfiber, og med sortar som i smak skil seg lite frå importbær, er i ferd med å avløyse den tradisjonelle produksjonen der bæra også hentar smak frå jorda plantene veks i. På sikt vil dette også vere med på å undergrave den unike statusen norsk jordbær har blant forbrukarane.

Det er krevjande å produsere jordbær på friland. Mindre tilgang på effektive sprøytemiddel, stadig skjerpte krav til plukkarlønner og innkvartering, høge etableringskostnader og stor risiko er blant årsakene til at mange gir seg og få nye vågar seg inn i denne produksjonen. I tillegg er kjede- og grossistmakta så sterk at det så å seie er uråd å greie seg utan leveringsavtalar eller dyrkingskontraktar.

På toppen av dette er jordbærprodusentane offer for den omvende marknadslogikken innanfor daglegvarehandelen: Når etterspurnaden er størst, skal prisane pressast så lågt som råd – ja gjerne langt under produksjonskostnaden.

Sant å seie er det vel lite som i større grad sikrar kvaliteten enn nærleik mellom produsent og kunde. For oss er det iallfall heilt grunnleggjande at vi skal kunne sjå kundane våre i auga og seie at bæra dei kjøper, held god kvalitet. Og for kundane er det ikkje mindre viktig å vite at dei skal kunne komme tilbake til oss dersom vi ikkje har halde det vi lova.

Og vi gjer så godt vi kan innanfor dei rammene naturen set for produksjonen vi byggjer ein stor del av gardsøkonomien på. Og dei rammene er langt frå vide. Så berre det kan vere opphaldsvêr, 18 gradar, litt sol, men ikkje for mykje; litt vind, slik at nattedoggen tørkar fort opp; og skal det regne, må det helst gjere det om natta, lett og mjukt – da kan vi vere i himmelen – iallfall ei lita stund.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Heller ikke Alpe-jordbruket kommer av seg selv