Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jernbane – i nord og sør

Vi har råd til mykje, men det er grenser også for oss.

Dyrt: Det er dyrt byggje ut toglinjer. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Kato Nykvist fillerister økonom Steinar Juel for kronikken «Hva om Nord-Norge selv finansierer Nord-Norge-banen». Steinar Juel meiner nok med dette å sette økonomien i prosjektet i perspektiv. Innbyggartalet i nord (486452) multiplisert med «snautt en halv million» gjev rundt iflg. Juel 240 milliardar i tap for samfunnet.

Eg kan ikkje gå god for talet, men at jernbane er uhyggeleg dyrt, er eit sørgeleg faktum. For dobbelspora jernbane er vi nok snart rundt 1 milliard pr. km. Regularitet og driftstryggleik eller heller ikkje god, for ikkje å nemna fleksibilitet. NRK melder at det går buss for tog. 2000 togavgangar innstilt på to veker. Men at ymse i hovudstadseliten burde jekka seg ned når det gjeld distrikt og økonomi, der er eg på linje med Nykvist.

Som ung student melde eg meg inn i organisasjonen «For jernbane». Entusiasmen har etter kvart avteke, sjølv om eg (framleis kan hende) er tilhengar av høgfartsbane over Haukeli.

Annonse

Denne skal knyte saman Oslo, Grenland, Bergen, Stavanger og Haugesund.

No til dags er det klima og atter klima. Marit Arnstad skrota Haukelibanen i si tid som samferdsleminister. Eit viktig argument var betongbruken. Betong gjev som kjent store klimagassutslepp i produksjonen. Skal Nord-Norge-banen gå i dagen, utan tunnelar? Skal den gå på bruer av tre? Kan banen konkurrera med fly, når nordlendingane skal til Gardermoen for å reisa vidare ut i verda?

Gods skal berge økonomien i prosjektet. Men vi klarer ikkje å auke godsandelen på det jernbanenettet vi har. Den går nedover, jamt og trutt. Ofotbanen er eit lyspunkt, men den har heller ikkje konkurranse frå veg.

Kva skal vi så gjere? Bygg kollektivfiler på dei større vegane, der bussar kan halde høg fart.

Buss er driftssikkert, fleksibelt, og svært mykje billigare. Dei treng heller ikkje gå på fossilt drivstoff. Vi må uansett halde oss med stor busskapasitet, som kan trø til når toget ikkje går.

Vi er eit rikt land, takka vera olja og gassen. Eg er sterkt for god infrastruktur og godt tenestetilbod overalt i landet. Vi har råd til mykje, men det er grenser også for oss.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Konsesjon er ei samfunnskontrakt