Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ja til politi i heile landet, nei til svekking og sentralisering

Eit av våre viktigaste behov er tryggleik. Me har behov for å vere sikre på at me får hjelp når det trengst, når behovet er der og når det er nødvendig.

Hilde Horpen, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterungdom. Foto: Senterpartiet

Ein artikkel frå NRK syner at nyutdanna politifolk slit med å kome ut i jobb etter fullført studiar. Bevilginga som politiet no har fått er ikkje nok til å finansiere at nyutdanna får jobb i politiet etter fullført utdanning, noko som tidlegare har vore fullfinansiert.

Dette er snakk om ei yrkesgruppe me treng rundt i vårt langstrakte land, som kan rykke ut til hendingar og drive førebyggjande arbeid. Det er kompetente fagfolk som har lagt ned ein stor innsats for å få ei utdanning, med ynskje om å hjelpe og gjere ein forskjell for andre.

Annonse

Samtidig kan me sjå at til dømes Vest politidistrikt manglar over 300 stillingar samanlikna med det nasjonale målet, trass i at politidistriktet får tilført 17 stillingar i samband med budsjett for 2019.

Ein har sett fleire tilfelle der brannvesenet måtte utføre politiet si oppgåve. Dette er ikkje akseptabelt. I Senterpartiet sitt alternative budsjett bevilgar ein 500 millionar kroner meir til politidistrikta, noko som ville ha styrka polititenester og betra tryggleiken til folk.

Om ein ikkje tek rekrutteringa av politi på alvor, vil det på sikt bli færre som rykker ut til hendingar og ulukker, og færre som kan drive med førebyggjande arbeid. Dette kan i verste fall utgjere forskjellen på liv eller død.

Me treng ei styrking av politiet og fokus på rekruttering av nye politifolk, framfor svekking av ei nødvendig teneste og ei viktig yrkesgruppe.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Vi må hente barna