Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ja, det er potensial for å auke vasskraftproduksjonen i Noreg!

Produksjonen kan aukast både med enkel opprusting, med opprusting kombinert med utviding av eksisterande kraftverk og med bygging av heilt nye anlegg.

Har potensial: Det kan bli produsert meir vasskraft i Noreg. Foto: Halvard Alvik, NTB scanpix
Har potensial: Det kan bli produsert meir vasskraft i Noreg. Foto: Halvard Alvik, NTB scanpix

I eit debattinnlegg frå Andreas Thon Aasheim (Norwea) i Nationen den 10. februar blir det hevda at underteikna slår fast at potensialet for oppgradering av vasskraft er på berre 3 TWh. Påstanden er svært finurleg, då den gjev lesaren eit inntrykk av at det vesle «potensialet for opprusting» er det einaste bidraget som vasskraft kan gi, medan realiteten er ein heilt annan.

Sitatet er trekt ut av samanhengen og blir brukt som eit argument mot det me eigentleg seier.

Opprusting av den type som blir forklart i debattinnlegget i magasinet Energi (med berre utskifting av enkeltkomponentar i kraftverket), er berre ein marginal del av det reelle vasskraftpotensialet. Tvert imot er potensialet for meir vasskraft i Noreg stort, og auken i elforbruk fram mot 2035 kan dekkast opp av vasskraft, dersom det skulle vere ønskeleg frå politikarane og dersom forholda blir lagt til rette for det.

For å illustrere det kan me sjå nærare på tala frå NVE om vasskraft i starten av 2020:

Det er nå bygd ut ca. 136 TWh vasskraft. I tillegg er 2.3 TWh under utbygging, 5.2 TWh har fått konsesjon og 4.2 TWh er under konsesjonshandsaming. Til saman gjev dette ca. 12 TWh. Dersom alt dette kunne realiserast, ville vasskraftproduksjonen auke til 148 TWh.

Annonse

For vasskraft er situasjonen at det finnast eit potensial for å auke produksjonen både med enkel opprusting, med opprusting kombinert med utviding av eksisterande kraftverk (O/U) og med bygging av heilt nye anlegg. Mange av prosjekta vil kome i grenseflata mellom O/U og nybygging, men me har ikkje gått opp skarpe grenser her.

NVE/OED vurderer potensialet for opprusting til berre 6 TWh, men me trur talet er for lågt. Det viser seg at auken i produksjon i 20 norske kraftverk der det var utført O/U i tida etter 2000 var langt større enn det som var mogleg med berre ei enkel opprusting, typisk noko over 20 prosent. Dette skjedde med både å bygge nye og meir effektive kraftverk i parallell, ta i bruk meir vatn og auke fallhøgda.

Ut frå erfaringane frå dei 20 eksempla, vart det vurdert frå ein vanleg hypotesetest at potensialet kunne vere på 20–30 TWh totalt. Sidan slike O/U-prosjekt vil krevje ny konsesjonshandsaming, vil ikkje alt bli realisert med dagens praksis i liknande saker, noko som også står referert i grunnstudien. Noko av potensialet er også truleg allereie inkludert i talet 12 TWh som er nemnt lenger oppe, men ikkje alt.

I tillegg er ei rekke store O/U-prosjekt realisert eller under bygging etter studien vår i 2015, som også ‘et’ på potensialet referert den gongen. Det er likevel eit monaleg potensial igjen for å vinne inn meir kraft gjennom O/U-prosjekt, kanskje 15–20 TWh basert på det politiske bildet i dag og korleis miljø takast vare på i vasskraftsaker.

I tillegg til O/U er det også potensial for å bygge ut ein del ny vasskraft, særleg småkraftverk. Dette potensialet er rekna av NVE til om lag 16 TWh. Det kan også nemnast at klimaendringar gradvis vil gi meir nedbør og tilsig og auke vasskraftproduksjonen, truleg med 3–4 TWh fram mot 2035.

I innlegget til Aasheim blir det også referert til at « … vannkraften kan ikke lenger konkurrere på pris eller stabilitet». Med kunnskapen me har om straumforsyning og aluminiumsproduksjon, må me dessverre berre lure på kva han meiner her?

Kva slag stabilitet er det snakk om og har Alcoa verkeleg planar om å køyre aluminiumsverket sitt i Mosjøen utan at norsk vasskraft sikrar stabiliteten i straumforsyninga? Neppe.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Vindkraft og beslag av natur