Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Innspel til Olaug Bollestad i årets jordbruksforhandlingar

For det fyrste skulle eg gjerne redusert bruken av importert protein (soya) i kraftfôret.

Får innspel: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad Foto: Siri Juell Rasmussen

Årets fyrste månad er historie, og frå faglag og samvirkeorganisasjonar tikkar det inn tekstmeldingar om studiesirklar, årsmøte og landbrukstingingar. Samstundes har landet fått si fyrste fleirtalsregjering på årevis.

Siste skot på regjeringsstamma er eit parti som på mange vis har vori heiagjeng for Distrikts-Noreg og landbruket. Eg vonar Olaug Bollestad fær gjennomslag hjå Erna og Siv for eit mangslunge landbruk over heile landet, og eg vonar ho kjem i hug at satsinga på små og mellomstore bruk held fram frå i fjor. Kanskje det til og med kan vera klimasmart?

Tekstmeldingane bed oss om å koma med innspel til vårens tingingar med regjeringa, men sidan eg må bruke kvar ledig stund til fjosbygging, kjem eg med nokre innspel her i staden.

Jordbrukstingingane ser ut til å få klima som hovudtema. Eg må seie det er litt pussig, for kva andre næringsdrivande her til lands må gå i direkte klimaforhandlingar med styresmakta?

Men eg skal slett ikkje strika i mot. Eg skjønar det er viktig at me bønder reduserer klimatrykket - men var det meininga at me skulle gjera det åleine? Lat no det vera, eg skulle ikkje strika i mot, lova eg nett. Og eg kan gjerne vera med på klimakutt.

For det fyrste skulle eg gjerne redusert bruken av importert protein (soya) i kraftfôret. For dersom eg hadde fått alle mine yrkessysken med på å redusere avdråtten pr. ku til 6–7000 liter i året, og samstundes auka talet på kyr (for å oppretthalde den totale mjølkemengda), så hadde me redusert soyaimporten til omtrent ingenting. Me hadde nok fått fleire metanprompande kyr på beite, men brasilianske bønder kunne dyrka matvekstar til eige bruk – i staden for å sende verdifullt protein halve jorda rundt. Har klimakalkulatorane rekna på dette?

Men eg køyrer faktisk ikkje meir enn eg må – det er lenge sidan eg råna med traktor.

Annonse

Eller kva om me hentar protein frå fiskeindustrien? Så vidt eg veit, så er det ikkje noko farleg for firemaga dyr å eta beinmjøl av fisk. Likevel er det ikkje lov til å bruke i fôret, fordi EU forbaud bruk av alt beinmjøl i dyrefôr etter det store utbrotet av kugalskap i England for nokre år sidan. Då må sjølvsagt me i Noreg dilte etter, eller harmonisere lovverket som det også heiter. Det er altså etikken/politikken og ikkje biologien som står i vegen.

Så sant me har att fiskeforedlingsbedrifter her til lands, så kan det vel vera kortreist proteinrikt fiskebein å hente? Eg er klar over at prosjektet Foods of Norway arbeider intenst med å gjera sjøplanter og trestokkar fordøyelege for kyr, men fiskebeinet er her alt, og burde vera lett tilgjengeleg.

For det andre skulle eg svært gjerne ha redusert traktorkøyringa for å få ned dieselforbruket. Men eg køyrer faktisk ikkje meir enn eg må – det er lenge sidan eg råna med traktor. Så auka dieselavgift for å få ned forbruket verkar ikkje her på bruket – ikkje på dei fleste andre bruk heller vil eg tru. Me har nemleg ikkje noko særleg å gå på. Dieselavgift blir i staden ei inntekt for staten kamuflert som klimatiltak. Men gjev oss eit alternativ til dieseldrikkande reiskap! Når kjem hydrogentraktoren? Eller el-skurtreskaren? Kan dette vera noko for vårens klimatingingar?

Og for det tredje: Eg kan gjerne montere soltak på låven. Kor mange solvende låvetak finst i dette landet? Kvifor ikkje gje oss eit insitament til å produsere vår eigen straum, ja til og med sopass at me kan dela med grannane våre? Ja, låvetaket kunne kanskje fylle traktoren med drivstoff, i staden for oljebrønnen?

Kunne solenergi vera med i landbrukets klimaavtale?

Og endeleg: Eg kan gjerne eta meir frukt og grønt, og mindre animalsk. Vegetarmiddagar er både godt og mettande, og glid fint inn i eit variert og sunt kosthald. (Her skriv eg av 14 års erfaring som sambuar med ein vegetarianar.) Så kva om Olaug finn noko i verktøykassa si som kan stimulere norsk landbruk til å produsere endå meir matvekstar der jord og klima tillèt det, og lata oss i graslandet syte for ull og kjøt og mjølk?

Sett frå eit beredskapsperspektiv må det då vera om å gjera å produsere mest mogleg av maten på eigen kjøl, og så sant me får det til, vil norsk landbruk og fiskeri gjerne servere mat til alle – uansett trusretning.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Nå spirer den grønne revolusjonen