Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Inn i den digitale bakevja

Kva ein feilslått telepolitikk og rikspolitikarar som manglar musklar kan føre til.

Droppar kopar: Telenor kjem til å avvikle det gamle koparnettet, og dermed mistar mange i distrikta tilgang til breiband. Foto: Kristoffer Nyblin Kaspersen / SCANPIX .

Breva kom først til Norddal kommune. Etter nokre veker kom dei også til abonnentane. Telenor var avsendaren, og tittelen som var ført inn i brevjournalen i kommunen, kunne gi løfte om noko stort: «Modernisering av Telenors infrastruktur i kommunen». Vidare heitte det at «Telenor har som ambisjon å drive den teknologiske utviklingen framover og møte kundenes behov for digitale tjenester».

Vi skal ikkje lese langt før vi forstår at dette er ein eufemisme. For realiteten er at Telenor frå 1. mai i år skal slutte med feilretting i koparnettet og i seks av åtte telesentralar i kommunen. Dette rammar minst 290 husstandar her. 31. desember i år legg dei ned den første sentralen. 31. desember 2020 legg dei så ned tre nye sentralar. Det fører til at heile bygder hos oss blir utan kabla digital oppkopling til omverda.

Omfanget av dette er lett å forstå når vi veit at det er rundt 1100 husstandar i kommunen vår. 26 prosent av husstandane står altså i fare for å miste eit skikkeleg breibandsamband. Det rammar på alle område: Moderne velferdsteknologi bruker slikt samband, bedrifter er heilt avhengige av det for å kunne fungere, vi treng det til banktenester, skoleelevane må ha det for å kunne gjere skolearbeid heime, foreldra treng det i kontakten med skolane; dersom vi skal kunne ta del i den moderne medieverda, er vi heilt avhengige av det.

Det er knapt ei einaste side av liva våre som på ikkje eitt eller anna vis er voven inn i digitale løysingar som treng ei digital oppkopling mot omverda.

Enda meir nedslåande og urovekkjande er det at Norddal kommune ikkje står i noka særstilling. Telenor-politikken råkar heile Distrikts-Noreg. Vi er på veg inn i ei digital bakevje som trugar både næringsliv og busetjing.

Med nokre få klubbeslag på presidentbordet i stortingssalen vende vi oss frå den solidariske utbyggingspolitikken til den kapitalistiske marknads- og avkastningstankegangen.

Her kunne eg naturlegvis ha langa ut mot Telenor, som lett kunne ha bygd ut eit framtidsretta høgkapasitetsbreiband til alle husstandane som enno ikkje har fått her i landet; og dei kunne ha gjort det for omtrent den same summen som dei sølte vekk i eit mislykka mobileventyr i Asia. Det gjer eg ikkje, for Telenors økonomiske kynisme er «innanfor» dei rammene rikspolitikarane har sett for selskapet. Han er i tråd med dei konsesjonsvilkåra som er vedtekne av dei folkevalde.

Annonse

Breva som er komne til rådhuset og innbyggjarane i kommunen vår, og også i andre kommunar, symboliserer ein feilslått telepolitikk og rikspolitikarar som i eit par tiår har prøvd å vise musklar som dei eigentleg manglar. Musklane gav dei frå seg i 1990-åra da det gamle Televerket blei privatisert. Da gav nasjonalforsamlinga vår frå seg viktige verktøy i form av direkte styringsrett over det å kunne utvikle ein moderne digital infrastruktur i Noreg.

Telenor fekk med seg enorme verdiar i ein infrastruktur som nådde så å seie kvar einaste husstand i Noreg. Samtidig skulle «konkurransen» og «marknaden» heretter stå for det framtidige telenettet i Noreg. Med nokre få klubbeslag på presidentbordet i stortingssalen vende vi oss frå den solidariske utbyggingspolitikken til den kapitalistiske marknads- og avkastningstankegangen. Før privatiseringa kunne relativt rimeleg utbygging i folketette område finansiere meir kostbar utbygging i utkantar; etter privatiseringa finansierte den økonomisk lønsame utbygginga avkastninga til aksjonærane.

Ei av følgjene er at vi no har årlege kampar i Stortinget om midlar til breibandutbygging «til de stedene det ikke er lønnsomt for markedet å bygge ut bredbånd». Lite tyder på at dette har vore ei prioritert satsing for regjeringa, som foreslo å setje av vel 99 millionar kroner på statsbudsjettet for 2019. Det vart forhandla fram til vel 199 millionar i stortingsbehandlinga – eit beløp som heller ikkje ropar vilje og utbyggingskraft. Det er ein brøkdel av eit behov kjem til å vekse etter kvart som Telenors sentralar blir stengde.

For nokre år sidan var eg med på å utarbeide ein samla plan for fiberutbygging i kommunen vår. Den gongen berekna vi at fiber til alle heimane her ville koste kommunen om lag tolv millionar kroner når ein eventuell utbyggjar hadde finansiert sin del. Når vi veit at det gjennom den statlege tilskotsordninga er sett av 13,9 millionar kroner til utbygging i heile Møre og Romsdal i 2019, er det lett å frykte at livet i den digitale bakevja kan bli langvarig.

Men mange av oss lever framleis i eit håp om at stortingsfleirtalet skal vakne og verkeleg forstå kor viktig denne saka faktisk er for næringsliv og busetjing i landet. Og da meiner eg forstå med handling, ikkje med tomprat.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Uakseptable kommentarer om dyretragedie