Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Inkludér bøndene i beredskapsplanane

Det er ein billig måte å halde beredskapen oppe på.

Flaum: I fjor haust gjorde ein flaum i Luster i Sogn og Fjordane stor skade. Her er eit fjøs med 13 geiter førd med vassmassane nedover elva. Foto: Tage Skjaak Moen / NTB scanpix

I den siste tida har vi opplevd jordskred på Vestlandet, overfløyming på Austlandet og at Grønlandsisen smeltar fortare enn nokon sinne. Grunnen er at det er varmare og meir heftig nedbør enn tidlegare. Klimaendringane gjer at vi må bu oss på at det blir verre vêr. Bønder med lokalkunnskap kan bli ei viktig brikke i framtidige beredskapsplanar.

Sommaren 2018 var svært tørr, med kring 2000 skogbrannar, det doble av kva det var åra før. På det meste var det 100 brannar samstundes, og fleire av dei tok det lang tid å sløkke. I slutten av juli i år gjekk det store jordskred i Jølster grunna konsentrert nedbør. Den tørre jorda greidde ikkje å ta unna, elvane fløymde over og skred vart løyste ut i fjellsidene. I starten av august kom det store nedbørsmengder på Austlandet. Det var fleire som tok symjetak i gatene, men kostnadane vart store med mange overfløymde kjellarar.

Grønlandsisen smeltar, i sommar var temperaturen nokre dagar 17 grader over normalen. Kva klimaendringane skuldast, er ei sak, men det som er sikkert, er at klimaet har blitt villare og våtare. Skreda i Jølster førte til at infrastrukturen vart skada, mobilnettet gjekk ned og E39 var stengd i to dagar. Eit byggefelt vart redda av elveførebygging som vart gjort av NVE for to år sidan.

Dei representerer ei form for lokal beredskap som ville ha kosta dyrt viss den skulle organiserast på andre måtar.

Meteorologisk institutt har klimamodellar som syner kvar det kan bli faretruande stor nedbør, men kva skal ein gjere på nokre timars varsel når skred går stader dei aldri har gått før? I Jølster stilte bygdefolket opp på ein imponerande måte, noko som viser at vilja til å hjelpe er stor. I ein krisesituasjon er det avgjerande at lokalbefolkninga har vilje og evne til å trå til, og kunnskap om lokale forhold er av stor verdi.

Bøndene har både store maskiner og kunnskap om lokale forhold, kultur og naturhistorie som er nedarva gjennom generasjonar. Kvar bonde har minst ein traktor, gyllevogn og kanskje ei gravemaskin òg. Ved krisesituasjonar som flaum og skogbrann har innsatsen deira vore til stor hjelp. Dei representerer ei form for lokal beredskap som ville ha kosta dyrt viss den skulle organiserast på andre måtar.

Tilgangen på store maskiner lokalt, som gravemaskiner, er viktig for å avgrense skadane ved flaum. Det såg vi seinast i Jølster, og i Myklebustdalen i Breim berga lokale bønder blant anna brua ved Spirefoss i august 2018. Dei nytta fire gravemaskiner for å få kontroll på elva ved fylkesvegen.

Annonse

Bøndene kan vere ein del av beredskapsplanane, men då må dei få betalt for det.

Ved skogbrannar trengst det stor tilgang på vatn til å sløkke med. Det tek tid å få på plass helikopter, i mellomtida er brannvesenet avhengig av utstyr til å frakte vatnet med. Brannvesenet får ofte assistanse av bønder som stiller opp med gyllevogner. Mange brannar vert sløkte i startfasen, før dei får tid til å utvikle seg.

Bøndene kan vere ein del av beredskapsplanane, men då må dei få betalt for det. Staten kan inngå ein avtale med kvar bonde om bidrag til beredskap. Ein del av avtalen kan vere kor mykje av naturlandskapet som skal pleiast. Det vil gagne turistnæringa, men òg bidra til mindre skadar ved framtidige skred.

Det er viktig å halde vegetasjonen i raslaup og ved elvar nede. Dersom eit skred dreg med seg tre og busker vert ofte skadane større, då desse kan legge seg på tvers og ma. tette att lysopninga i bruer. Ut over oppgåvene bonden har fått tildelt frå staten, vel han eller ho sjølv kva dei elles vil drive med, om det så er dyr eller kornproduksjon i tråd med lokale og nasjonale behov.

I gamle dagar var det vegvaktarar som hadde ansvaret for ein parsell av det som dag i nokre høve har blitt europavegar. Det kunne kanskje òg vere ei oppgåve for ein bonde, å halde oppsyn med sidevegane som vert brukte som omkøyringsvegar dersom hovudvegane er stengde.

Gardsbruk har blitt lagde ned jamt og trutt sidan 50-talet, men på denne måten kan bøndene få betre betalt for arbeidet sitt, og fleire vil ha høve til å velje bonde som yrkesveg. Bøndene er òg ein del av kriseberedskapen dersom importen av mat av ulike årsaker vert vanskeleg.

Inkludér bøndene i beredskapsplanane. Det er ein billeg måte for storsamfunnet å halde oppe ein beredskap på høgt nivå. Vi må bu oss på at det i framtida vert meir ekstremnedbør, og at skred vil gå stader dei aldri har gått før. Det krev ein ståande beredskap der bøndene kan gi eit verdifullt bidrag.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Uakseptable kommentarer om dyretragedie