Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ingen ny kurs

Regjeringa driv bjørneforvaltning i samsvar med Stortingets vedtak.

Ikkje ny kurs: Det ferske rundskrivet om bjørneforvaltning romma ikkje noko nytt, meiner klima- og miljøministeren. Foto: Erik Mandre / Mostphotos
Ikkje ny kurs: Det ferske rundskrivet om bjørneforvaltning romma ikkje noko nytt, meiner klima- og miljøministeren. Foto: Erik Mandre / Mostphotos

Denne regjeringa fører ein bjørnepolitikk i samsvar med naturmangfaldlova og rovviltforlika. At forvaltninga ynskjer å ta ekstra omsyn til binner, og særleg binner med ungar, er ein etablert praksis og ikkje noko nytt grep.

Nationen skriv på leiarplass 28. juli at "Klima- og miljøministeren har gjort det vanskeligere å få tatt ut bjørn i beiteprioritert område. Sveinung Rotevatns (V) ordre må trekkes."

Eg meiner Nationen her konstruerer ei kursendring som ikkje har funne stad.

Annonse

Bjørnebinner er viktige for at vi skal ha ein bjørnebestand i Noreg. Vi er i dag, ti år etter det siste rovviltforliket, framleis langt under bestandsmålet. Når forvaltninga gjer vurderingar om uttak av bjørn, er det både naturleg og legitimt å ta omsyn til betydinga av binnene for bjørnebestanden.

Det er ikkje riktig når Nationen skriv at forvaltninga har ein intensjon om å frede binner. Nasjonalt er det faktisk opna for felling av totalt 26 bjørnar i år, og to binner er til no felt. I tråd med føringar frå Stortinget gjer vi individuelle vurderingar av mellom anna skadepotensialet før det eventuelt blir gitt løyve til å felle ei binne.

Det er heller ikkje slik at ein må vite bjørnen sitt kjønn før ei eventuell felling. Men vi prøver å unngå vilkårleg felling av binner. Nationen skriv at det ikkje kan vere beitenæringas ansvar å bevise at bjørn som gjer skade ikkje er ei binne. Det er nettopp difor det er "bjørnebinne(r) med unge(r) som opptrer sammen under skadefellingsforsøk" som er unntatt frå felling og ikkje ei kvar binne.

Det er ikkje nokon automatikk i at ein alltid skal ta ut rovdyr berre fordi dei oppheld seg i beiteområde. Rovdyrforliket i Stortinget seier at terskelen skal vere låg for å ta ut rovdyr i beiteprioriterte område, men Stortinget seier også at forvaltninga skal gjere særskilde vurderingar dersom enkeltindivid reknast som verdifulle.

Neste artikkel

En nødvendig ulve-anke