Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Importvernet vaklar – norsk produksjon vert skvisa

Held importveksten fram, er graslandet Noreg langt frå sjølvforsynt med mjølk. Er det i tråd med måla Stortinget har satt for landbrukspolitikken?

Den eskalerande importauken av ost legg ikkje spesielt godt til rette for avsetjing av mjølk frå norske mjølkeprodusentar, skriv Torbjørn Tufte.  Foto: Siri Juell Rasmussen
Den eskalerande importauken av ost legg ikkje spesielt godt til rette for avsetjing av mjølk frå norske mjølkeprodusentar, skriv Torbjørn Tufte. Foto: Siri Juell Rasmussen

Det er eit politisk vedteke mål i Noreg at det skal vere nasjonal matproduksjon over heile landet. I desse «koronatider» er samfunnsoppdraget med sikker matforsyning og matproduksjonen på ny i vinden. Kor avgjerande mat er for folk er via auka merksemd både politisk og i mediedebatten – i Noreg so vel som internasjonalt. For å sikre målet om matsikkerheit og gjennomføringa av norsk jordbrukspolitikk, er tollvernet ei føresetnad for at norske bønder får rammevilkår for å produsere norsk mat.

Utfordrande naturgitte produksjonstilhøve, høgt kostnadsnivå og ein politisk valt produksjonsstruktur i jordbruket gjer skjerming av norsk jordbruk naudsynt. Tollvernet skal legg til rette for avsetjinga av norske landbruksvarer til eit prisnivå som speglar nasjonale produksjonsvilkår. Dei fleste land handhevar tollvern på landbruksvarer. Sjølv verdas leiande produsentar, som Brasil, EU og USA, har eit aktivt og velfungerande importvern for jordbruksvarer.

Tollvernet skal legge til rette for dei norske jordbruksproduksjonane, samstundes som produksjonar som ikkje konkurrerer med norske kjerneproduksjonar, har lite eller ikkje tollvern. Den norske jordbruksproduksjonen er innretta mot å sikre eigen matproduksjon for å forsyne heimemarknaden av varer det er føresetnadar for å produsere i landet. Slik landbrukspolitikken er bygd opp er tollvernet eit premiss for at norsk matproduksjon får rammevilkår som gjer det drivverdig med norsk jordbruk.

Det norske importvernet er sterkt svekka gjennom sviktande tollsatsar og store importkvotar.

Likevel har tollvernet gradvis vorte svekka på mange av dei norske kjerneproduksjonane. Stadig auka liberalisering gjennom EØS og frihandelsavtaler gjennom fleire år utfordrar norsk produksjon meir og meir. Dette vert ytterlegare forsterka, fordi EU har endra landbrukspolitikken for å redusere råvareprisane. EU har difor langt sterkare konkurransekraft i eksportmarknaden no, enn dei hadde tidleg på 2000-talet. I sum er situasjon at det norske importvernet er sterkt svekka gjennom sviktande tollsatsar og store importkvotar. Norsk mjølk, storfekjøtt, grønt og kornprodukt vert i mange tilfelle pressa ut i den norske heimemarknaden av billige importvarer. Ost er eit døme som illustrerer utfordringa for avsetjinga av norske råvarer når importvernet vert markant svekka.

Annonse

Utvida ostekvotar til EU og auka osteimport til full toll reduserer behovet for norskprodusert mjølk, fordi etterspørselen etter norsk ost går ned etterkvart som importen frå EU aukar (99-100 prosent av osten vert importert frå EU). Samstundes er ost heilt avgjerande for avsetjinga av norsk mjølkeråvare då 53 prosent av mjølka vert nytta i osteproduksjon. Den norsk osteproduksjonen, inkludert produksjon til eksport, ligg på knappe 100,000 tonn i året.

Medan importen av ost var 16.275 tonn i 2019. Av dette utgjer den tollfrie ostekvota til EU 8400 tonn. 5.500 tonn vart importert til ordinær toll. Dei resterande 2.300 tonn var innførsel av utanlandsk tilverka ost på norsk råvare. Det betyr at matindustrien sender norsk mjølkeråvare til EU, produserer osten på meieri i EU, for så å ta ferdigprodusert ost tollfritt tilbake til den norske marknaden. I tillegg vert det òg importert betydeleg volum av ost i ferdigprodukt som pizza, pai og pasta med ostefyll. Til slutt kjem den uformelle importen, oftast omtalt som grensehandelen.

Det vert innført mykje ost frå Sverige gjennom grensehandelen. Rett nok har koronaviruset òg ringverknader her. Sia byrjinga av mars har ikkje grensehandelen segla i medvind, men den tek seg nok oppatt etterkvart. Gode oversyn av volumet frå grensehandel er mangelvare. Likevel er eit grovt anslag mogleg, og då kan ein lande på kring 6.000 tonn i året (estimert ut frå data frå Jordbruksverket og SSB). Dersom ein legg import og grensehandelestimatet til grunn, vert det årleg innført dryge 20.000 tonn ost til den norske marknaden, når ein held utanlandsk tilverka ost og ost i ferdigproduktet som pizza utanfor.

Importvolumet av ost ligg dermed på 20 prosent av samla norsk osteproduksjon i 2019 (For EU er tilsvarande tal rundt 1 prosent). Den eskalerande importauken av ost legg ikkje spesielt godt til rette for avsetjing av mjølk frå norske mjølkeprodusentar. Heller ikkje for å styrke norsk matindustri og tilhøyrande arbeidsplassar. Til dømes om ein set som føresetnad at ein kilo ost er produsert på åtte liter mjølk, så vil det seie at innførselen av 20.000 tonn ost utgjer omlag 160 millionar liter mjølkeråvarer produsert i Noreg.

Det er faktisk produksjonen til rimeleg mange norske mjølkebruk og mjølkekyr. Held importveksten fram, slik den har gjort siste 10–15 åra, er graslandet Noreg langt frå sjølvforsynt med mjølk. Det gir grunnlag for å stille spørsmål om utviklinga er i tråd med måla Stortinget har satt for landbrukspolitikken. Mål om å sikre matforsyninga, landbruk i heile landet og produksjon bygd rundt mangfaldig bruksstorleik, der produksjon av jordbruksproduktet ein har topografi og klimatiske føresetnadar for å produsere skal prioriterast.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Heller fakta enn historier om maten