Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Import pressar norsk jordbruk

I Nationen den 7. mars kan ein lese at det var rekordvekst i import av landbruksvarer til Noreg i 2018.

Det blir importert mykje ost til Noreg. Foto: Mariann Tvete

Samtidig høyrde me om overproduksjon på visse jordbruksprodukt, og at bøndene blei oppmoda eller tvinga til å skjere ned på produksjonen.

Annonse

For ein som ikkje kjenner alle avtaler og formalitetar knytt til eksport og import, høyrest dette ulogisk og merkeleg ut. Denne handelen begge vegar er sikkert bunde opp i meir og mindre bindande avtaler. Kor komplisert det er å reforhandle slike avtaler, kjenner ikkje eg til.

Det logiske ville vera at ein nytta meir av norske, meir og mindre foredla, jordbruksvarer i Noregs eige forbruk, og på den måten kunne redusere importen. Me høyrer heile tida at norske matprodukt er mellom dei sunnaste og beste i all varemarknad. Dette har i tillegg med beredskap å gjere, noko som heng saman med sjølvforsyningsevna.

Proppen i systemet er truleg pris til forbrukar, da underleg nok importerte jordbruksvarer er billigare enn norske, og at forbrukarane ser meir på pris enn på kvalitet. Med norsk kjøpekraft, burde me kunne betale litt meir for å kunne ete sunne, gode og friske matvarer frå norsk jordbruk i staden for importerte produkt, til dels med kort haldbarheit.

Heile opplegget er øydeleggjande for norsk landbruk. Derfor er ein annan måte å løyse «proppen» i systemet på å gje norske bønder betre rammevilkår, slik at dei kan produsere noko billigare mat enn i dag, og ved å redusere den økonomiske gevinsten som ligg i alle omsetningsledda, utan at det vil ha serlege konsekvensar.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Konstant metankonsentrasjon ved konstante utslipp?