Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ikkje lenger saman om samfunnslimet

Det er noko som heiter samfunnslim. Det er slikt som vi er felles om. Noko som uttrykkjer at vi held saman og blir bundne saman.

OSLO 20190312. Under presentasjonen av nytt felles navn for NSB og Nettbuss. Det nye navnet ble VY Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Stadig fleire delar av dette som har vore samanbindande blir no brote ned, stykka opp og framandgjort.

Det var litt nusseleg og halvt barnsleg då Fellesmeieriet gjekk over til å heite Tine. Litt stussleg, men ikkje kritisk, berre litt dumt. Då Bøndernes salgslag vart til Nortura var det verre. Kva i all verda er Nortura? Kvifor er det til å skjemmast over å syne samhald og fellesskap?

Så vart Samvirkelaget til Coop, Prix og mykje anna tull. Det var då til å skjemmast over. Samvirkelaget var eit godt norsk namn og noko som vi kunne støtte. Namnet uttrykte at vi sto saman. Samvirke. Tenk på det. Å arbeide saman var namn på eit innkjøpslag. Kunne ikkje bli betre.

Annonse

Posten har så langt vi kan sjå attende vore sett på som eit offentleg ansvar, jamvel om den praktiske gjennomføringa har variert. Det uttrykkjer på ein tydeleg måte at det var og er viktig å binde saman landet med offentleg sikra kontakt. Etter kvart kom posten til Samferdselsdepartementet. Dit soknar også vegvesen, jarnveg og telefon og anna samband. Samband bind oss saman.

Tidlegare kjøpte eg drivstoff til bilen på Statoil. Det var då viktig å markere at det er staten som bind oss i hop til eit stabilt og godt samfunn. Så vart det Cirkle. Jau takk. Det kan du bli blå for. Dei stasjonane køyrer eg rett forbi. Tek sjansen på Best. Dei samarbeider med Samvirkelaget.

I dag kom den nitriste meldinga, NSB skal bli til Vy. Vi har berre ein jarnveg her i landet. Den har vi i fellesskap bygd opp over lang tid. Den skal vera vår felles jarnveg. Staten sin jarnveg. Korleis skal vi no reise, når ikkje ein gong toget skal vera vårt felles gode?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Hold en armlengdes avstand, Erna!