Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

"Hyttekommunar": Føremonar og utfordringar

Kan vi ha ubegrensa hytter i ein kommune?

Ei tolegrense for hytter?: Her frå Norefjell i Buskerud. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix
Ei tolegrense for hytter?: Her frå Norefjell i Buskerud. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Nationen presenterte i eit nyheitsoppslag for ei tid sidan oversikt over igangsett hyttebygging etter godkjende reguleringsplanar. Tilsvarande oversikt kunne ein også lese i same avis, i samband med ein reportasje frå landets største hyttekommune, Vinje i Vest-Telemark.

Oversikta viser summen av totalt flateareal på desse hyttene. Her markerer Vest-Telemark seg ikkje uventa stort i selskap med kjende hyttekommunar som Sirdal, Åmot, Øyer og Lesja. Vinje toppar nemleg denne lista, med Kviteseid på ein 6.-plass.

Det er både positivt, men også utfordrande med ei så omfattande hytteutbygging. Det positive er inntekter for tomteseljarar og utbyggjarar, investorar og bygningsarbeidarar.

Rett nok bur mange i dei to sistnemnde kategoriane beklagelegvis utanfor kommunegrensene. Også ringverknader som meir handel, og stadvis bidrag frå hyttefolket i samarbeid med andre friviljuge om å få til god mjuk infrastruktur i form av turstigar og skiløyper i turområda. Her er Gautefallheia eit godt døme, både på Drangedal – og Nissedalsida.

Annonse

Dei utfordrande sidene er spesielt for kommunane når det gjeld tilrettelegging av VAR-løysingar og annan teknisk infrastruktur, og samtidig presset på stadig nye viktige ressursareal for andre viktige føremål i høve til naturmangfaldet, herunder stadvis villreinen og anna dyre- og planteliv, ålmentas tilgang til urørte naturområde, ut frå naturens eigenverdi osb.

I tillegg kan hyttefolket bli ei viss belastning på kommunens lege- og helsetenester. Skattekroner frå utanbygdsbuande hytteeigarar ser ein sjølvsagt lite til i dei kommunane der hyttene er. Kommunal dispensasjon for at hytter kan takast i bruk som bustad, og med det generere tilflytting til kommunen, er ein interessant tanke.

Nationen har tidlegare omtala kor mykje hytteutbygging ei bygd toler før det går ut over bygdemiljøet og distriktstradisjonane i form av nedervde sosiale relasjonar, identitetskjensle, samhald osb.

Kor mange hytter ein kan ha i eit lokalmiljø mellom anna i høve til talet på fastbuande, og i høve til areal, naturens tolegrense m.v. er vanskeleg å fastslå, og vil uansett variere mykje frå stad til stad. Er talet ubegrensa, eller er det ei tolegrense som er peika på ovanfor, og som sjølvsagt er viktig å forhalde seg til?

Eg sender utfordringa til Telemarksforskning, eventuelt til Vest-Telemark Næringsutvikling, som kanskje kan finne noko ut om akkurat dette.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Innovasjon for framtida starter i kommunen