Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hyttedraumen – naturens mareritt

Kvifor aksjonerer og demonstrerer ein ikkje like mykje mot hyttebygging som ein gjer mot vindmøller og andre arealkrevjande materielle og tekniske inngrep i naturen?

Ingen menneskerett: Det er ingen menneskerett å beslaglegge  naturareal til sitt eige private forgodtbefinnande, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos
Ingen menneskerett: Det er ingen menneskerett å beslaglegge naturareal til sitt eige private forgodtbefinnande, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos

På leiarplass den 28. oktober skriv Nationen: «Bak klimakrisen truer naturkrisen. Massiv hyttebygging bidrar trolig til begge.» Og vidare som tekst til illustrasjonsfoto: «De største jafsene av villmark i Norge tas av hyttebyggere. Ikke av monstermaster eller vindmøller. Her leilighetskompleks og hytter på Gausta i Telemark.»

Derfor kan ein spørje seg: Kvifor aksjonerer og demonstrerer ein ikkje like mykje mot hyttebygging som ein gjer mot vindmøller, monstermasater, gondolbanar, motorvegbygging, gruvedrift og andre arealkrevjande materielle og tekniske inngrep i naturen.

Er det for det å ha hytte bygger på tradisjon i Noreg, frå den gongen, før ein fekk plan- og bygningslova og strandplanlova, kunne bygge seg ei enkel hytte dersom ein fekk løyve frå grunneigaren. Historia frå den gongen er noko heilt anna enn den ein ser i dag, med energislukande hyttepalass og tilsvarande infrastruktur som breier seg inn i stadig nye naturområde med nye jafs i naturmangfaldet.

Ja, til og med tett opp til og inn i villreinens leveområde, fordi ein har klart å definere leveområda meir sneveret for å gje plass for såkalla næringsutvikling (les hyttebygging). Alt dette med næringsvenlege politikarar si velsigning som ser på natur som ei «forbruksvare».

Det blir sett på som ein legitim menneskerett å ha hytte, eller fritidsbustad som det heiter i dag, fordi det er ein bustad nummer to for stressa og miljøskadde byfolk, som gjer eit mislukka forsøk på liksom å kome meir i kontakt med naturen rundt hytteveggane som forlengst er øydelagt.

Men det er ingen menneskerett å beslaglegge naturareal til sitt eige private forgodtbefinnande. Naturen er vårt felleseige som vi alle burde stå vakt om for ikkje noko mindre enn at han er vårt eksistensgrunnlag og reidskapen vi har for kanskje å redde oss ut av klimakrisa.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Regjeringen får krass kritikk for kutt i klimapolitikken