Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Huset i bygda

Dei fleste stadane i Noreg har ein møteplass som fungerer som kodeknekkar for å få innpass eller opne eksklusive nettverk på bygda.

Ljosvang i Indre Hafslo, Luster i Sogn. Foto: Indre Hafslo bygde- og ungdomslag

I eit innlegg i Nationen 26. februar 2019 skriv redaktør i Syn og Segn, Knut Aastad Bråten, at samfunnslivet i Noreg er kjenneteikna av etablerte og fastgrodde nettverk som kan vere vanskelege å trengje igjennom. Det er nok fleire som kan kjenne seg att i påstanden til Bråten om at «Bygda har eit sett med kodar, strukturar og system. Etablerte nettverk er eksklusive og ekskluderande på same tid.»

Heldigvis har dei fleste stadane i Noreg ein møteplass som fungerer som kodeknekkar for å få innpass eller opne desse nettverka. Kodeknekkaren går under mange namn. Vi finn ofte fleire av dei på same stad, anten vi kallar dei for ungdomshus, grendahus, bygdahus eller bedehus.

Felles for alle desse husa er at dette er møtestader der ulike former for sosiale aktivitetar kan ta form og utviklast. Der nye band kan knytast gjennom til dømes klubbkveldar, koraktivitetar, 4H, det lokale korpset, folkemusikken eller danseformer frå folkedans til breakdans.

Desse husa er allhus som ofte har vore gjennom fleire endringsfasar i takt med samfunnsutviklinga elles i Noreg. Nokre stader er dei framleis det store huset i bygda. Andre stader har dei fått ein meir anonym rolle, men like fullt står dei der, med potensial og rom for latter og leik og skaping av nye sosiale band. Men der utviklinga krev meir av allhusa våre.

Annonse

Vi har forventingar til fysisk standard, at toaletta er tilpassa ulike brukargrupper, at kjøkenet inneheld meir enn utslitne kokeplater og ein gamal komfyr, at vindauge er tette og at akustikken i storsalen er slik at det faktisk er mogleg å spele til dans eller at bygdakoret kan ha sine øvingar der kvar torsdag. Husa må rett og slett ha fasilitetar og ein standard som møter forventningar, og krav, brukarane har i dag.

Å sitte i eit husstyre der du skal skape aktivitetar i huset, samstundes som du skal skaffe midlar til vedlikehald og fornying av utstyr kan vere ein krevjande øving. I 2007 fekk Sogn og Fjordane Ungdomslag tilbakemeldingar om dette. Medlemar såg behovet for å modernisere ungdomshusa, men dei sakna òg kompetanse i det å drive ungdomshusa. Dette er eit generelt problem for mange som er involvert i lokale forsamlingshus.

Ut frå tanken om at det å skape bulyst og gode møteplassar, er det som til sjuande og sist betyr noko, valde ungdomslaget i Sogn og Fjordane å inkludere alle former for forsamlings- og kulturhus då vi etablerte ordninga Huset i Bygda i 2010.

Formålet med Huset i Bygda er å legge til rette for å skape meir aktivitet og å bidra til å vidareutvikle alle former for organisasjonseigde kulturbygg. Det har heile tida vore viktig at Huset i Bygda er eit gratis lågterskeltilbod. Ingen skal vere redd for å ta kontakt! Dette gjer vi gjennom hussamlingar der vi informerer om korleis ein kan fylle husa med aktivitetar, husøkonomi, kva tilskotsordningar som finst og korleis ein utformar gode søknadar.

I tillegg arrangerer vi kulturbyggkonferansar, bidreg med informasjon både til heimesida og på Facebook, retta mot alle som er involvert i drifta av lokale forsamlingshus. Ikkje minst har hjelp og rettleiing via telefon og e-post vorte ein viktig del av arbeidet.

Huset i Bygda er òg eit godt døme på korleis frivillige organisasjonar og offentleg forvalting samarbeider om å løyse både oppgåver og skape og ta vare på fellesskapsverdiar. Sogn og Fjordane fylkeskommune såg heldigvis dette tidleg og har støtta Huset i Bygda økonomisk dei siste åra. Ved å bygge på erfaringane frå Sogn og Fjordane har Noregs Ungdomslag utvikla denne modellen vidare både i Hordaland (2014-2016) og i Møre og Romsdal.

Det er òg viktig med lokal forankring, t.d. er Huset i Bygda i Møre og Romsdal eit samarbeid mellom Noregs Ungdomslag, Møre og Romsdal fylkeskommune og regionlaga Nordmøre og Romsdal ungdomslag og Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Dovre bør få stå. Inkludert setrene