Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hugsar du Blåmann?

Geitosten er ikkje kva han ein gong var. Han er betre.

Blå og norsk: Geit med killing på beite i Hemsedal. Foto: Berit Keilen / Scanpix

Hugsar du kjeet til gamle Lykle? Du trur kanskje at Blåmann er oppdikta? Neidå, han fanst, og det var faktisk her på garden han kjette seg i lag med leikekameraten, vesle Aasmund Olavsson, ei gong på 1820-talet. 40 år seinare skreiv diktaren om Blåmann, av di Stortinget ynskte å vedta ein jordlov som ville gå hardt ut over geitehaldet.

Diktet er ikkje berre eit forsvar for geita, men eit kjært barndomsminne frå tida som gjetar om sumrane: "Når eg leita etter Blåmann og Lykle og gret, for eg ikkje fann deim, so kunde dei svara meg og koma springande, når dei høyrde gråten min."

Så i grunnen skulle me ikkje ha drivi med kyr her på Plassen. Her skulle me hatt geit og ysta geitost - kanskje ein blåost med namnet Blåmann?

Men det vart altså kyr av ein eller annan grunn, sjølv om Vinje er ein geitekommune, ikkje berre i kommunevåpenet, men ute i det praktiske næringslivet også. Men trass at eg er kybonde, tenkte eg at eg skulle bruke litt av Nationens spalteplass til å snakke fint om geita, og ikkje minst geitosten!

For maken til utvikling som det har vori på geitemjølkfronten! Før i tida var geitemjølk knapt tilrådd å drikke til anna enn medisinsk bruk, og så fanst det berre to slag geitost: brun og kvit. Mor mi lika den brune best, og far min den kvite - særleg når han fekk steikt han i steikepanna. Eg var som alltid einig med far - men det var mor som stod for innkjøpet, så osten på bordet var stort sett brun.

I dag er utvalet svært mangfaldig og rikt, berre les resultatlista frå sist oste-VM. Eg er så heldig at eg har ein bijobb som sender meg rundt omkring i landet vårt, på bygdedagar og pensjonist-treff, på bryggjekonsertar og stølstreff. Då får eg ofte servert lokalmat - mat frå skogen, frå jordet, frå hagen, frå sjøen, og ikkje minst frå fjøset - nemleg ost. Og neimen om den er berre brun eller kvit!

Annonse

Ei natt i Undredal i 2011 i lag med fem-seks ulike geitostar og ein framifrå osteambassadør opna smakstottane mine for ost, og sidan har dei alltid vori opne for nye inntrykk.

Ei natt i Undredal i 2011 i lag med fem-seks ulike geitostar og ein framifrå osteambassadør opna smakstottane mine for ost.

Dessutan har det skjedd store ting med geitemjølka. Fokus på mjølkekvalitet er no minst like sterk som på kumjølk, og kvaliteten har teke eit kvantesprang. Resultatet er produkt me ikkje visste fanst, som geitemjølksmør, drikkemjølk og ikkje minst eit rikt mangfald av ostar. Eller veit me at dei finst?

På sist produsentlagsmøte i Tine her i Vest-Telemark var frustrasjonen hjå geitebøndene merkbar over at meierigiganten tilsynelatande ikkje maktar å marknadsføre dei gode geiteprodukta sine. Det vart til og med medalje for den ekte geitosten til Tine i oste-VM, utan at momentet vart utnytta med sterk marknadsføring etter kåringa, vart det sagt. Ingen spør etter produkt som dei ikkje har høyrt om - og då vil nok ikkje butikkane ta dei inn heller.

Og innan geitost finst det mange løyndomar - også i Tine (og det er synd, fordi eg heiar inderleg på Tine, som gjer det mogeleg å vera liten produsent uansett kor langt det er til meieriet). Har du til dømes høyrt om godt lagra Smaksrik Chevre med oske og kvitmugg frå Haukeli? Det er noko av den beste osten eg har smakt - og den opplevinga har eg ikkje fått fordi eg fann osten i butikken, men fordi eg fekk osten av ein som arbeider på Haukeli Ysteri. At denne osten er ein løyndom, er meg ei gåte.

Det er lenge sidan geiteprodukt var beiske og stramme på smaken. Kvalitetsrevolusjonen som geitehaldet gjenomførde i form av ein kjempedugnad har gjevi fantastiske resultat - og no fortener dei løn for innsatsen.

Og så har geitehald ein annan funksjon også, som me set svært høgt. Det finst nemleg ikkje maken til landskapsarkitekt! Legg berre merke til landskapet der geita har husert - det er opi og vakkert, og gjerne med eitt og anna underhaldingsinnslag av firbeinte akrobatar.

Så spør etter geitost av alle slag i butikkhyllene - finn noko godt - og så fortel du om opplevinga til vener og kjende. Framsnakk geita, slik Aasmund Olavsson Vinje gjorde det for om lag 150 år sidan og fekk stoppa eit geitefiendtleg stortingsvedtak med ei tekst om ein kjær bukk.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Spis din lammekarré med god samvittighet