Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Høgfartsbaner for distrikt og miljø

Fly stoppar ikkje undervegs og er sentraliserande. Høgfartsbaner med mange stasjonar vil binde saman by og land og utvikle landet.

På tide: Det er på høg tid med høgfartstog i Noreg no, skriv forfattarane av innlegget. Foto: Mostphotos
På tide: Det er på høg tid med høgfartstog i Noreg no, skriv forfattarane av innlegget. Foto: Mostphotos

Elektrisk og energieffektivt, med høg kapasitet, utan klimagassutslepp ved langt mindre støy og arealbruk enn veg er det samstundes eit viktig klima- og miljøtiltak.

Tog er langt betre for Distrikts-Noreg enn fly. Skal du ta fly til Oslo frå til dømes Sauda, må du først reise ca. 3 timar i motsett retning til Stavanger eller 2 timar til Haugesund lufthamn. Med innsjekking, ventetid på flyplassen, flyturen og videre inn til Oslo sentrum tar turen samla ca. 5–6 timar.

Med høgfartstog kan du gå av og på undervegs. Togturen frå Sauda til Oslo vil ta 1 time og 45 minutt. Det blir billigare å gå på undervegs enn å reise frå endepunkta, mens det fungerer motsett for distrikta med den flybaserte samferdsla i dag.

Jernbane gir langt mindre inngrep i landbruks- og naturområde enn motorvegar. Ei dobbeltspora høgfartsbane har om lag halve bredda til ein firefelts motorveg, men kapasitet som 16 felt.

Forslaget til Nasjonal transportplan vil ikkje bidra til å nå klimamåla, jf. etatane sin eigen rapport av 01.12.2020. Med store mengder overført trailer-, fly- og biltrafikk vil høgfartsbaner i bidra stort.

Jernbane berre rundt de større byene vil dessverre berre gi ein brøkdel av klimaeffektane, med mindre dei blir bygde som del av høgfartsbaner i fleirbrukskonsept, slik vi bed om.

Konkurransedyktig langdistansetrafikk gir dei beste økonomiske resultata for jernbanen. Sjølv med reisetidene i dag, reknar Vy og SJ å kunne drifte persontrafikken på Bergens- og Dovrebanen med overskot i åra framover, medan anna jernbanedrift går med underskot (unntatt Flytoget). Med reisetid på 2 ½ time mellom Oslo og de større byane, og frakttider for gods på 5–6 timar, vil jernbanen vere raskare enn fly, bil og trailer. Det vil auke marknaden og billettinntektene kraftig.

Samstundes går driftsutgiftene ned når tog og personale kan gjere jobben på ned mot 1/3 av tida. Det vil gi grunnlag for overskot som ikkje bere dekkjer drifta, men òg vedlikehald av tog og baner og nedbetaling av investeringar i desse.

Annonse

Fleire i Transport- og kommunikasjonskomiteen har sagt at dei vil sjå på alternative måtar å finansiere utbygging av jernbane på enn berre over statsbudsjettet. Høgfartsbaner opnar nettopp for å dekke investeringar og vedlikehald gjennom billett- og fraktinntekter.

Marknaden i Noreg er stor. Mellom Paris og Lyon var det 940 000 flyreisande året før dei opna lyntog der. I 2019 var det nesten 5 millionar flyreisande Oslo-Bergen/Haugesund/Stavanger, over 3 millionar Oslo–Trondheim/Ålesund og ca. 4 millionar til/frå/i Nord-Noreg.

Dei mest trafikkerte flyrutene i Noreg er ofte korte. Høgfartsbanene her blir på berre 41–50 mil, noko som gjer det mogleg med 8–10 stasjonsopphald undervegs innan 2 ½ times reisetid mellom Oslo og dei største byane.. Høg frekvens opnar igjen for å kunne variere stoppemønsteret (som Flytoget ved Lillestrøm) og slik knyte rundt 20 stasjonar til banen.

Godstrafikk på bane blir tevlefør med ein heilt ny kvalitet, kapasitet, regularitet og fart.

Moderne bane heile vegen til Tromsø vil gi reisetider ned i rundt 6 ½ time Oslo–Tromsø, og ikkje minst mykje raskare reisetider internt i Nord-Norge.

Klimanøytrale og raske høgfartsbaner i fleirbrukskonsept vil binde landet betre saman, styrke både byer og distrikt, gi større bo-, arbeids- og kompetanseområde og styrke norsk konkurranseevne. Det er på høg tid med høgfartstog i Noreg no!

Beate Marie D. Eide, ordførar (Sp) i Seljord, leiar av Senterkvinnene

Jon Rikard Kleven, ordførar (Sp) i Vinje, leiar av Telemark Sp

Asbjørn Birkeland, ordførar (Sp) i Sauda

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, ordførar (Sp) i Etne

Jon H. Midtmageli, ordførar (Sp) i Øyer

Geir Inge Lien, ordførar (Sp) i Vestnes

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Lov, men ikke smart