Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hedmark Bondelag tek feil om sau og ulv

Talet på sau innanfor ulvesona er høgare no enn før. Samtidig som ulvebestanden har auka er ulveskadar på sau i ulvesona tilnærma lik null. Det er ein suksess målt etter den politikken Stortinget er einige om.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Ingvald Landet, styremedlem i Hedmark Bondelag, skriv i eit debattinnlegg 20. mai at mindre bruk av fritt utmarksbeite for sau i ulvesona viser at forvaltninga ikkje har lukkast.

Les innlegget til Landet:

Den heilt sentrale mangelen i framstillinga er den delen av rovviltforliket som seier at beitenæring skal tilpasse seg rovdyra i område prioritert for ulv og andre rovdyr. At det har skjedd ei endring med meir bruk av effektive førebyggjande tiltak som inngjerda beiter til sau innanfor ulvesona er difor heilt i tråd med den politikken Stortinget er einige om.

Annonse

Samtidig viser analyser frå Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) at talet på sau innanfor ulvesona faktisk har auka sidan 1999, som er om lag det tidspunktet då ulven etablerte seg på nytt som ein ynglande bestand i Noreg. I tillegg er talet på ulveskadar på sau i ulvesona sterkt redusert. At ein har lukkast i å ta vare på ein ulvebestand, samtidig som talet på sau har auka og talet på skadar har gått ned, meiner eg viser tydeleg at forvaltninga har følgt opp rovviltforliket på ein god måte.

Ingval Landet påstår også i innlegget at den såkalla Elgå-ulven ikkje hadde noko anna val enn å etablere seg i randsona av ulvesona fordi det ikkje er ledig plass innanfor. Om ein studerer rapportane som blir publisert av Rovdata, ser ein at det ikkje er slik at det er ulverevir rundt om i heile ulvesona. At den sokalla Elgå-ulven valde å slå seg ned i eit revir i grensa for ulvesona kan ikkje forklarast så enkelt som i Hedmark Bondelag si framstilling. Mellom anna veit vi no at det var ei tispe i det aktuelle området, og vi veit frå lang erfaring at grenseområda for ulvesona mot nord er særs attraktive skogområde for ulv.

Påstanden om at felling av meir ulv i ulvesona hadde ført til at denne ulven ville etablert seg lenger inn i ulvesona blir difor rein spekulasjon, utan grunnlag i faktisk kunnskap om dei lokale forholda.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Når ytringsfrihet blir kalt for sutring