Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Havre og kumjølk, ja takk begge deler

Å påstå at det går åtte gonger meir jordbruksareal for å produsere kumjølk, enn tilsvarande mengde havredrikk er i mi verkelegheit heilt meiningslaust.

Bærekraftig: Den mest bærekraftige matproduksjonen er utan tvil ein kombinasjon av planteprodukt og husdyrprodukt. I den samanheng er kua unik, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos
Bærekraftig: Den mest bærekraftige matproduksjonen er utan tvil ein kombinasjon av planteprodukt og husdyrprodukt. I den samanheng er kua unik, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos

Arne Grønlund og Bob van Oort hadde ein artikkel i Nationen 29.12 der dei argumenterer for at norsk matforsyning hadde vore meir bærekraftig om me kutta ut heile mjølkeproduksjonen og heller erstatta mjølkeprodukta av tilsvarande produkt av havre.

Når ein smykkar seg med tittelen forskar må ein forventa at ein er noko meir truverdig i omgang med tal enn det som vert presentert i artikkelen. Å påstå at det går åtte gonger meir jordbruksareal for å produsere kumjølk, enn tilsvarande mengde havredrikk er i mi verkelegheit heilt meiningslaust.

Eg skal ikkje freiste å gjennomgå kor dei går seg vill i tala. Eg er ikkje forskar, bare ein enkel bonde. Det eg derimot kan leggje fram tal for, er resultatet frå eigen gard, både når det gjeld grasdyrking, mjølkeproduksjon og havredyrking.

Eg vil likevel starte med det me er samde om. Havre er ein fantastisk vekst som me bør dyrke meir av, og i langt større grad kan nyttast direkte til menneskemat. Det vil gi oss både høgare sjølvforsyning og sunnare kosthald, og bærekraft for den saks skuld.

Det eg derimot ikkje kan være med på er at eit berekna klimagassutslepp per produsert eining skal vær grunnlaget for bærekraft då kan ein fort gå seg vill.

Annonse

Skal ein oppnå bærekraftmålet om å utrydde svolt, må fyrst og fremst ha fokus på produsert mengde mat per arealeining. Det gjeld både i Noreg og internasjonalt. Då vert det heilt feil å angripe kua. Mjølkeproduksjon er den mest arealeffektive utnyttinga av dei areala som berre kan nyttast til gras.

Når me nå skal sjå på korleis dette slår ut på mitt bruk, tek me utgangspunkt i avlingsåret 2021. Det var eit usedvanlig godt år, men forholdet vert det same og gras har utan tvil mest årsikker avling.

Me fekk då omlag 600 kg havre per da, og 1200 kg tørrstoff på grasareala. Havren hadde i tillegg 400 kg halm, så samla tørrstoffavling for havren vert drygt 800 kg. Skal ein rekne med heile behovet til kyrne kan eg ikkje rekne meir enn 1.2 liter per kg tørrstoff, men då har mjølka 6,3 prosent fett og 4,2 prosent protein. Eg oppnår då eit utbytte på 1440 liter per da.

For havren må ein før denne skal nyttast til menneskemat ta av skallet, dette utgjør omlag 50 prosent av kornet. Det er då tilbake 300 kg som kan nyttast til havregryn, havremjøl, eller havredrikk. Eg kan ikkje så mykje om produksjon av havredrikk, men energimengda til menneske er om lag lik per dekar for dei to produkta. (Så åtte-gangen gjeld ikkje for min gard, ikkje for andre sin heller kan eg tru).

Det som er så bra med havren er at i tillegg til dei 300 kg med menneskemat er det 700 kg med dyrefôr som i mi drift vert brukt i mjølkeproduksjonen. På grunn av lågare fordøyeleghet kan ein ikkje rekna 1,2 liter mjølk per kg tørrstoff, men det gir omlag 600 -700 liter mjølk.

Legg ein dette til dei 300 kg havregryn vert det nok energi til eit menneske i eit heilt år. Eller sagt på ein annan måte, me kan oppnå 100 prosent sjølvforsyning med bare halvparten av jordbruksarealet.

I tillegg produserer kyrne gjødsel til havren, som gjer at det bare er bruk for nokre få kg nitrogen. Ein har og moglegheit til å drive vekselbruk, som er med på å oppretthalde jordkvaliteten.

Den mest bærekraftige matproduksjonen er utan tvil ein kombinasjon av planteprodukt og husdyrprodukt. I den samanheng er kua unik. Det viktige er at ein nyttar alle resursane. Havre og kumjølk, ja takk begge deler.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Høyres feilslåtte skatt på matproduksjon