Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Havbotnen under press!?

«Stadig fleire finn fram til havbotnen» er overskrifta i ei interessant sak i Nationen den 4. mai. Den handlar om at såkalla fridykking etter kvart er på veg til å bli ein folkesport, og at miljøengasjement og naturnyting ligg bak, nesten på line med landbasert friluftsliv.

Siste skanse: Nå vil kanskje naturens siste skanse, den sårbare havbotnen og økosystema der, også bli eit offer for fritidsbasert menneskeleg forlysting og oppdagar- og erobrartrang, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos
Siste skanse: Nå vil kanskje naturens siste skanse, den sårbare havbotnen og økosystema der, også bli eit offer for fritidsbasert menneskeleg forlysting og oppdagar- og erobrartrang, skriv innsendaren. Foto: Mostphotos

Retten til turgåing og annan aktivitet i naturen er forankra i den frie ferdselsretten og uskuldige nyttesretten, den såkalla allemannsretten som er heimla i friluftslova. Om den same retten også gjeld under vassoverflata og på havbotnen der fridykking blir utøvd seier friluftslova ingenting om.

Likeeins om desse områda har karakteristikken utmark. I alle fall gjeld allemannsretten på vassoverflata i form av segling, roing, padling, symjing mv. I nokre område på land og på vatn og sjø gjeld ikkje allemannsretten på grunn av vern og med ferdselsforbod ut frå spesielt naturmangfald og andre naturverdiar.

Kan det tenkast at dette også burde gjelde den ukjente havbotnen ut frå «føre-varprinsippet»? Me menneske har til dei grader lagt naturen på landjorda under våre føter, med slitasje, forstyrring, inngrep og utnytting, men også med naturoppleving og andre positive faktorar på godt og vondt. Havbotnen og vassmassene under vassoverflata har så langt stort sett vore skåna for menneskeleg påtrykk, i alle fall i fritidssamanheng.

Med fridykkingstrenden vil heller ikkje desse undersjøiske naturområda frå fred frå menneskeleg aktivitet og eventuell skadeleg ukjent påvirkning. Menneska har forlengst «erobra» landjorda og til ein viss grad luftromet i fritidssamanheng. Nå vil kanskje naturens siste skanse, den sårbare havbotnen og økosystema der, også bli eit offer for fritidsbasert menneskeleg forlysting og oppdagar- og erobrartrang. Er det eit paradoks og tankekors?

Neste artikkel

Friskoler er et supplement, ikke en konkurrent