Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Havarikommisjon for jordbruket

Kvifor klarar ikkje jordbruket å innfri måla satt av Stortinget? Og kva politiske endringar må til for at det blir samsvar mellom mål og middel?

Nedover: Sidan eg vart fødd i 1993 har kornarealet gått ned med omlag 25 prosent, skriv Margit Fausko. Foto: Mostphotos
Nedover: Sidan eg vart fødd i 1993 har kornarealet gått ned med omlag 25 prosent, skriv Margit Fausko. Foto: Mostphotos

Kvifor går ikkje sjølvforsyninga opp? Kvifor døyr insekta? Kvifor produserar me ikkje lenger korn og grønt der me gjorde det før? Kvifor et kua soya? Kvifor får purka fleire ungar per kull enn det som er sunt? Og kvifor tjener bonden mindre sjølv om ho produserar stadig meir?

Eit livskraftig og godt samfunn er avhengig av god jordbrukspolitikk. Det handlar om sunne økosystem og jordsmonn, dyrevelferd og beredskap for folket. Det handlar også om matglede og kultur, og om verdiskaping i eit evigheitsperspektiv.

MDG har lagt fram sitt alternative jordbruksoppgjør for 2021. Her styrker me ambisjonane for dyrevelferd, biomangfald, sjølvforsyning med meir. Me aukar ramma, startar ei inntektsopptrapping og foreslår å starte ein tilskotsomstilling inspirert av Østerrike og Sveits. Dette kan eg seie mykje om.

I denne omgang vil eg likevel rette fokuset mot Stortingets allereie vedtatte hovudmålsettingar for jordbruket. Dei er 1 - matsikkerheit, 2 - landbruk over heile landet, 3 - auka verdiskaping og 4 - eit berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.

Fører politikken oss nærmare desse måla?

Annonse

Sidan eg vart fødd i 1993 har kornarealet gått ned med omlag 25 prosent. Importen av kraftfôrråvarer er meir enn dobla. Stølsdrifta gått ned med over 60 prosent. Talet gardsbruk er meir enn halvvert. Eg kan observere med det blåtte auget at kratt tek over frodige beitelandskap og at humlene blir færre. Samtidig ser eg mange flinke bønder bli skvisa ut, og mange lovande bondespirer som aldri slepp til. Og eg veit mange som framleis driv opplever einsemd, stress og fråvær av rekningssvarande prisar.

Svaret er altså nei. Overhovudet ikkje. Og det skremmer meg. Mine barn skal ete mat i dette landet også etter 2100.

Tusenkronersspørsmålet er: Kvifor? Kvifor klarar ikkje jordbruket å innfri måla satt av Stortinget? Og kva politiske endringar må til for at det blir samsvar mellom mål og middel?

Middela me peiker på i vårt alternative jordbruksoppgjør trur eg er ein del av svaret og ein riktig kurs. Eg skal likevel vere audmjuk og vedkjenne at vårt forslag i år sannsynlegvis ikkje redder jordbruket, me har ikkje alle svara. Me prøver, men jordbrukspolitikk er komplisert.

Aller helst vil me sette ned ei brei gruppe av ekspertar, rådgivarar, eit utval som representerer heile breidda av produksjonar, gjerne supplert med nokon som kan sjå systemet vårt utanfrå, kanskje nokon frå Vorarlberg i Østerrike? Denne gjengen vil me skal gjere ei grundig analyse av kva som har gått gale med norsk jordbrukspolitikk til no, slik at me kan lære kva me bør og ikkje bør gjere i framtida.

Og lærdommen må følgast opp. Jordbrukspolitikk må få eit større prioritet på Stortinget. Mitt fødselsår, 1993, er også året Noreg la ned landbrukskomitéen på Stortinget og ga ansvaret til næringskomitéen. Det har ikkje akkurat gått strålande sidan då. I ein næringskomité er det mange som konkurrerar om merksemda. Difor vil MDG også kjempe for å få attende ein eigen landbrukskomité. Jordbruket er viktigare enn eit venstrehandsarbeid.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Gjerding til alles beste