Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Handle globalt, gi blaffen lokalt

Støtte? Torbjørn Røe Isaksen kan vise til støtte hjå kommunestyret i Kvalsund og Finnmark fylkesting. Foto: Siri Juell Rasmussen

Det viktigaste enkeltvedtaket i historia til Nussir, sa direktør Øystein Rushfeldt i Nussir ASA til Teknisk Ukeblad 9. mai 2012.

Dagen før hadde kommunestyret i Kvalsund hatt møte der to saker knytte til gruvedrift og kopparutvinning frå dei to malmberande felta under Nussir og Ulveryggen stod på saklista – og blei vedtekne.

Skal vi kalle dette ein siger for lokaldemokratiet og folkestyret?

Slike saker har ein snirklete saksgang, og skal innom mange instansar og organ før vedtaka kan gjerast om til handling. Repparfjord-saka arbeidde seg heilt opp til toppen av det nasjonale politiske sakskartet i år etter at Nærings- og fiskeridepartementet og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen 14. februar kunngjorde at Nussir ASA får driftskonsesjon til å utvinne koppar i Kvalsund kommune – det endelege startskotet til gruvedrift i finnmarkskommunen. Da hadde Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjent reguleringsplanen for gruvedrifta i 2014. Miljødirektoratet godkjende i 2015 søknaden frå Nussir ASA om å dumpe gruveslammet i fjorden – eller «deponere avgangsmasser», som det heiter i sakspapira.

Miljøorganisasjonane varslar aksjonar. Dei samiske organisasjonane er sterkt kritiske til gruvedrifta, som dei meiner kjem til å gå ut over samiske næringar som reindrift og kystfiske.

I det rikspolitiske sirkuset blir naturlegvis kritikken retta mot næringsministeren, som i siste instans har gitt startløyve. Samtidig prøver trapesartistane i regjeringspartia Venstre og KrF seg på ein retorisk akrobatikk som verken er elegant eller overtydande, for å komme seg unna sine eigne klare standpunkt mot sjødeponi i samband med gruvedrift.

I støyen frå det rikspolitiske sirkuset er det lett å gløyme at alle avgjerdene som er tekne av statsorgana, botnar i lokale vedtak gjorde av kommunestyret i Kvalsund – med svært liten lokalpolitisk motstand. I denne saka har med andre ord ikkje storsamfunnet køyrt over lokalsamfunnet; sentrum har ikkje lagt si klamme hand over periferien. Her har lokaldemokratiet talt, folkestyret har fått sagt sitt og blitt høyrt.

Er det verkeleg så enkelt?

Annonse

Alle partia har formuleringar som hyllar lokaldemokratiet, folkestyret og verdien av lokale avgjerder, sjølv om somme taler høgare og meir viljesterkt om det enn andre. Men i den politiske debatten blir omgrep som lokaldemokrati og folkestyre i altfor liten grad problematiserte og diskuterte.

Det er lett å få inntrykk av at det under valkampslagord om lokaldemokrati og folkestyre ligg ei idyllisert førestelling om at lokale folkevalde styringsorgan representerer den lokale befolkninga og dei lokale politiske meiningane på ein nærast statistisk presis måte. Parolane teier om at det også i lokalpolitikken er rå maktkampar, sterkt gruppepress og strenge lojalitetskrav – både uttalte og meir skjulte. Det er lett å oversjå at politisk hestehandel og partipolitisk taktikk ofte gir ei maktfordeling som langt frå representerer breidda i befolkninga.

Det er lett å oversjå at politisk hestehandel og partipolitisk taktikk ofte gir ei maktfordeling som langt frå representerer breidda i befolkninga.

I Repparfjord-saka er det openbert. Dei samiske interessene viser ikkje att i stemmetala kommunestyret, sjølv om dei utgjer ei viktig befolkningsgruppe og driv tradisjonelle næringar i kommunen. Det same gjeld fiskeri-, miljø- og friluftsinteressene.

Vi såg det like tydeleg da striden stod om dumping av gruveslam i Førdefjorden. Kommunestyra i Askvoll og Naustdal gjekk inn for å leggje fire kilometer av fjorden aude i femti år slik at rutil-gruva i Engebøfjellet skulle få kvitte seg med avfallet sitt på ein enkel måte. Ei meiningsmåling viste sterk motstand mot planane i befolkninga rundt fjorden.

Også her blei arbeidsplassar og næringsutvikling tunga på vekstskåla da dei formelle representantane for «lokaldemokratiet» gjorde vedtaka sine.

I saker som får miljøkonsekvensar, blir dessverre miljøet og naturen ofte taparar når lokaldemokratiet set dei opp mot arbeidsplassar, næringsutvikling og «samfunnsutvikling».

Torbjørn Røe Isaksen har teke tungetalen kring klima og miljø til nye høgder ved å skulde på «det grønne skiftet» for å opne for gruvedrift og deponi av gruveslam i Repparfjorden.

Slik er også han – og kommunestyrerepresentantar med manglande miljøpolitisk vilje, og kanskje overblikk – med på å skrive om slagordet frå Rio-konferansen i 1992. Vi skal ikkje lenger handle lokalt og tenkje globalt. No handlar vi globalt – lokalt tenkjer vi først og fremst på arbeidsplassane, økomomien og den kortsiktige næringsutviklinga.

Neste artikkel

Upopulære råd