Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Grunnrenteskatt for havbruksnæringa vil verte ein katastrofe

Kven vil fortsette å produsere sjømat i Noreg når skattetrykket aukar?

Havbruk: Skal oppdrettsnæringa ha ein grunnrenteskatt eller ikkje? Foto: Gorm Kallestad / NTB
Havbruk: Skal oppdrettsnæringa ha ein grunnrenteskatt eller ikkje? Foto: Gorm Kallestad / NTB

Eit mindretal i Unge Høgre vil gå inn for at vi skal skattlegge havbruksnæringa med grunnrenteskatt. Dette skal opp til behandling på landsmøtet i oktober. Det vil verte ein katastrofe for havbruksnæringa i Noreg om vi innfører ein ny særskatt på sjømat.

Grunnen til det er enkel. Kven vil fortsette å produsere sjømat i Noreg når skattetrykket aukar?

Næringa betalar allereie ordinære skattar og avgifter, ifølgje Norges Handelsorganisasjon har skattebidraget frå næringa auka med 16 milliardar kronar i løpet av 10 år. Då kan ein spørja oss sjølve, toler denne næringa endå ein ekstra skatt?

Det er grunnleggande feil å innføre fleire skattar på ei næring som allereie går bra og tru at det vil fortsette sånn, fordi det kan fort snu. I 2019 var lakseprisen på den aller lågaste, då eksportprisen på laks var heilt nede på 48.8 kroner kiloen og blei målt til den lågaste prisen sidan hausten 2015.

Annonse

Solberg-regjeringa snudde heldigvis og gjekk inn for å droppe grunnrenteskatten, samtidig som dei ville satse på produksjonsavgift. Sjølv synest næringa at denne avgifta er betre enn den omstridde grunnrenteskatten.

Forslaget medfører at prisen no blir 40 øre kiloen, medan bransjen sjølv hadde håpa på 25-30 øre kiloen. Dette fører til at havbrukskommunane og fylkeskommunane får 500 millionar kronar i auka inntekter. Difor meina Sogn og Fjordane Unge Høgre at det blir feil å innføre grunnrenteskatt på havbruket.

Vi må ha i bakhovudet at denne næringa er ein stor og viktig næring for Noreg og ikkje minst kystkommunane. Dette er ei næring som gjer det til at vi som bur på kysten, faktisk kan bu her. Difor er det ganske utfordrande at mindretalet i Unge Høgre sin programkomité prøvar å finne nye måtar å forhindre vekst i ei næring, som kan ta over arven etter olja, berre fordi at næringa går bra.

Ein slik skatt vil berre føre til dårlegare konkurranseevne, redusert innovasjon, mindre lokal verdiskaping, fråflytting frå distrikta og ikkje minst utflagging av næringa på sikt. Vi må sei ja til innovasjon og konkurranse, og ikkje skatte i hel næringa med fleire skattar. Grunnrenteskatt på naturresursar er forståeleg, men den høyrer ikkje heime hos havbruksnæringa.

Det havbruksnæringa treng, er at fleire aktørar vel å satse og investere i Noreg. Slik at denne bransjen kan få utvikle seg og få dei nødvendige forutsetningane. Det er slik vi får fleire arbeidsplassar og blir ledande innan havbruksteknologi.

Lokalt har vi Aquahub som bidreg sterkt til nytenking for oppdrettsnæringa. Det blir og investert mykje i å få redusert rømming av laks med nye typar merdar og å heve fiskevelferda, noko som vil bli svært vanskeleg om det blir endå dyrare å produsere fisk.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Verden sulter - hva gjør Norge?