Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Grasberging før i tida og nå (Ei reise i tid)

Forståing for ulike forhold, internt i landbruket og hjå politikarar, er den største utfordringa for landbruket.

Grasslått i Sola kommune på Jæren. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Eg tenkjer å ta dykk med på ei reise i min generasjon av grasberging og utvikling på Jæren – med nokre sidesprang.

I 1961 var det ein prøvehaustar frå Serigstad stasjonert på Undheim for utprøving. Før den tid, og ei stund utover 60-talet, var det mest hesjing som dominerte. Det å setje opp ei hesje på forblåste og nedbørsrike Jæren kravde erfaring. Hjå oss var det farfar som sto for slikt. Tredje kvar hesjestaur var dobbel og bunden saman i toppen. På ekstra utsette plassar var det sidestøtter. Dersom ei hesje la seg på sida vart det dåtidas" Youtube-hit" i lokalsamfunnet.

Då eg fekk ansvaret for å leggja ut tråden, var det stort. Det var nemleg arbeid for vaksne. Dersom eg ikkje la tråden vekselvis ut til kvar side, men fekk det som vart kalla «engelskmann» på tråden, var det degradering. Dette var å få lykkja på tråden, og då vart den svekkja. Hest og sleperiva vart brukt for å køyra graset innåt hesja. Hesja bruka å ha 5–6 trådar i høgda og ein stormtråd på toppen. På nedbørrike somrar kunne det gå mange veker for det vart anledning å få høyet i hus.

Me hadde også noko tynnslått på ei myr lengst vekke på eigedommen. Denne var på den tida veglaus. Høyet derfrå vart lagra i ei lita uteløe og køyrd heim med hest og slede på vinteren. Dette stykket vart slege med orv og ljå. Det var stort når eg fekk orv og fekk vera med og slå. Noko av det eg hugsar best frå den tida var når farfar og eg skulle slipa ljåane. Det var eit vasshjul som dreiv ein slipestein som mange i bygda bruka for og slipe ljåar. Eg kan endå høyra lyden av ljåen på ein litt oval slipestein der tonane varierte etter om det var i den eine eller andre enden av ljåen.

Når silo og surfôret slo om seg, var det i starten hest og kjerre som vart brukt, deretter silosvans før det store skiftet kom med fôrhaustaren. Dei som køyrde rundt hjå bøndene og fôrhausta var vel nokre av dei første maskinentreprenørane i landbruket.

Annonse

Det gjekk mest døgnet rundt og vêret var ikkje til hinder. Hjå ein av naboane kom dei klokka tre om natta, i eit kraftig regnvêr, og det var ingen som snakka om avrenning i den tida. Eg meiner å hugsa at den andre siloen far bygde, på syttitalet, kravde avløp for å få tilskot. Krav om oppsamling som kom seinare.

Då eg overtok garden heime i 1981 var det framleis fôrhaustaren som var tingen. Me fekk fôrhaustarar og avlessarvogner sjølv, større og fleire siloar, og meir dyrka jord som skulle haustast. Det var vanleg at ein gjekk saman om slåtten med ein nabo. Slik vart det også med meg. Naboen som eg samarbeida med lika godt å prøve nye ensileringsmiddel, medan eg køyrde på maursyre.

Eit år hadde han fått noko tjuktflytande stoff som var vanskeleg å få gjennom doseringa på haustaren. Far hans, som var og jamna i siloen, klaga på at det lukta så lite, og eg fyrte på om dette stoffet som sonen bruka. Eg hadde overbrakt beskjeden frå far hans fleire gonger den dagen. Då eg skulle henta siste lasset i skumringa om kvelden, stod sonen oppi lasset og tømde ei halv kanne i graset. «Spør nå om det lukta» var beskjeden. Eg rygga inn på låven og starta avlesservogna for tømming. Det ende med at faren og eg måtte rømma ut frå låven då det oste noko forferdeleg. Det var mykje sosialt med slike samarbeid.

På slutten av åttitalet kom rundballepressa og plastballar. Det vart ein ny runde liknande då fôrhaustaren kom. I starten var det ein som pressa og ein som pakka. No er det alt i eitt. Større traktor, større presser – og fort går det. Rundballepressa er framleis «hot» men finsnitting er kome for fullt. Når du høyrer desse sjølvgåande finsnittarane kunne du mest tru at det var eit Widerøe-fly som skal ta av.

Her eit år det var litt fuktig på det lågaste av eit myrdyrka jorde. Eg skulle handraka vekk ca. 100 kvadratmeter med gras for å sleppe å ha riva og pressa ut i dette mjuke område. På den tida køyrde finsnittaren inn nær 100 dekar rett over nabogrensa. Det er slike gonger eg tenkjer at kanskje skulle han i den sjølvgåande finsnittaren byta ein dag med ein med vossakasse og forhaustar i eit brattlendt jorde lenger nord på vestlandet.

Då er me med ei av dei større utfordringane i norsk landbruk; forståing for ulike forhold, internt i landbruket og hjå politikarar. Dette er vanskelegare di større avstanden vert mellom storleiken på bruka. Politikken som er ført av nåverande regjering er difor utfordrande.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Har Sp forsømt landbruket?