Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Gjelsvik køyrer over Forsand

Intervjuet med kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i Nationen 9. august er er pinleg og provoserande.

Motbør: Aksjonsgruppe i Forsand liker ikke tvangsvedtaket til Sigbjørn Gjelsvik (Sp). Foto: Andrea Ånestad
Motbør: Aksjonsgruppe i Forsand liker ikke tvangsvedtaket til Sigbjørn Gjelsvik (Sp). Foto: Andrea Ånestad

Pinleg fordi me trudde han var Sp-statsråd. Provoserande fordi han einsidig byggjer sin argumentasjon på eit narrativ bygd opp av Ap-ordførar og Frp-varaordførar i Sandnes, ei fortelling som ikkje har rot i verkelegheita.

Det er ikkje sant at Forsandbuen har skapt uro og usikkerhet. Grunna lovbrot gjennomført av Sandnes-tilhengarane, fekk ikkje fleirtalet i dåverande Forsand kommune gitt uttrykk for si meining før Stortinget gjorde sitt vedtak om samanslåing med Sandnes.

Denne hendinga førde til etableringa av Aksjonsgruppa.

Det er aksjonsgruppa i Forsand som har stått for den saklege og ryddige søknaden og prosessen om grensejustering. Dette blei fulgt opp av dåverande Kommunalminister Nikolai Astrup (H), også det på ein ryddig måte.

Annonse

Kva gjer så SP-statsråden?

Han neglisjerer det faktum at samanslåinga mellom Forsand og Sandnes er ei tvangssamanslåing, jfr. lovbrotet 6. juni 2017. Dette har og som konsekvens at han neglisjerer Sp sitt program.

Han neglisjerer at eit klart fleirtal 54 mot 44 prosent av innbyggjarane i Forsand er for samanslåing med Strand. Konsekvensen av dette er at han også då neglisjerer Sp sitt program om å lytta til folkemeininga lokalt.

Han neglisjerer ei klar fagleg tilråding frå Statsforvaltaren i Rogaland, og eit klart fleirtal i Fylkestinget i Rogaland.

Han neglisjerer standpunktet til Sp i Rogaland, og Sp sine stortingsrepresentantar.

Konsekvensen av alt dette er at han ikkje kan bli trudd når han seier at dette er hans konklusjon. Som Sp-statsråd kan ingen ting av dette forsvarast.

Neste artikkel

Acer-dommen bør til Høyesterett