Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Galloperande straum-galskap

Alle debattane om energiprisar og e-postar frå straum- og nettselskap er eigna til å gjera ein stakkar meir og meir både fortvilt og forvirra.

Foto: Jon-Fredrik Bækgaard Klausen
Foto: Jon-Fredrik Bækgaard Klausen

Åtte år med regjeringa Solberg gav oss sjølvsagt meir EU-tilpassing, mellom anna med tilslutninga til unionen sitt eige energibyrå Acer. Det for folk flest mest følbare utslag av ein derav fylgjande meir laussleppt marknadsideologi er dei astronomiske og uføreseielege straumrekningane.

Alle debattane om energiprisar og e-postar frå straum- og nettselskap er eigna til å gjera ein stakkar meir og meir både fortvilt og forvirra.

Kvifor kan ikkje Tokke-modellen verta nytta i landet samla sett? Tokke kommune sel kraft produsert innanfor eigne grenser til eigne innbyggjarar til ein pris lik om lag det det kostar å generera han pluss det samfunnet krev av avgifter og moms.

Det vil si til ein pris vi var van med då Noreg var ein fattig nasjon utan at ljoset i taklampa var eit trugsmål mot familien sin økonomi.

Annonse

Fleire og fleire spør seg kvifor det skal vera så vanskeleg å innføra reguleringar og setja ein makspris. Landet vårt produserer jo meir enn til eige forbruk. Bør ikkje derfor alt regnet vi vert plaga med under dårlege somrar og snøen vi strevar med å moka vekk, koma oss til gode når vatnet strøymer gjennom turbinane?

Kvifor kan ikkje straum vera ei teneste som vert levert befolkninga på lik line med vatn og avløp?

Sløsing lyt ein sjølvsagt koma til livs, så kvifor ikkje la ein variant av dei gamle Watt-meterane koma til heider og verdigheit att? «Overforbruk» var skumle saker, men var eit nyttig incentiv for fornuftig og nøysamt straumforbruk.

Ut over det kan priskurva gjerne verta brattare. Dei som har symjebasseng og oppvarma innkøyrsler på tomta, lyt soleis betala meir for ekstravagansen sin, men dei har nok òg råd til det. Moderne teknologi med App-ar og det heile kunne gjera dette endå meir intelligent enn den vesle målaren vi hadde på kjøkken-veggen heime.

Når vi no har fått ein raud/grøn-regjering, skulle ein kunne tru at det gjekk an å rydda opp i den galopperande straum-galskapen. Paradokset er at den «sosialdemokratiske» Støre verkar handlingslamma overfor det frie spelet i marknaden. Kan det vera av di han er like katolsk i trua si på EU som Erna? Her lyt det òg liggja sprengstoff i den nye regjeringa. Medan Ap røysta saman med H/Frp/V (og MDG) for tilslutning til Acer, var Sp sterkt i mot saman med SV og Raudt.

La norske husstandar og industri først få straum innanfor rimelege grenser til produksjonspris pluss ein vanleg avanse, så kan gjerne overskotet på eit par titals Terrawatt-timar hamna på den internasjonale børsen. Kan det vera så forbaska vanskeleg då, eller er det eg som er stokk dum?

Neste artikkel

Undersøkelse: Over halvparten av bedriftene rammes av strømprisene