Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fylka som ikkje skal reverserast bør få meir utviklingsmidlar

Offentlege midlar verkar no å sitja laust til reversering. Kva resultat hadde ein fått dersom midlane til utviklinga av fylka sat like laust?

Til utvikling: Alle vi som er opptekne av å utvikla det regionale nivået, bør no nytte anledninga til å sende eit krav til regjeringa, skriv Tommy Aarethun. Foto: Janne Grete Aspen
Til utvikling: Alle vi som er opptekne av å utvikla det regionale nivået, bør no nytte anledninga til å sende eit krav til regjeringa, skriv Tommy Aarethun. Foto: Janne Grete Aspen

Debatten rasar om reversering av regionreforma til Solberg-regjeringa. Finansminister og leiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum har leia an, og har i tillegg slått fast at staten skal ta heile rekninga for gildet. Rekningar som ifølgje tal frå fylka sjølve samla vil beløpa seg til ein stad mellom 540 og 690 millionar kroner.

Sjølv om kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) seier til Bergens Tidende 09. februar at ein «uroer seg uten grunn» i Vestland, er det all grunn til å passe nøye på framover. Alle som har vore borti eit budsjett, anten i arbeidslivet eller privat, veit at ein auke ein plass stort sett alltid fører til eit kutt ein annan stad.

I tida som kjem vert det spanande å følgje med på kvar desse midlane vert henta frå, og om vi i verste fall kan risikere at midlane som no skal nyttast til reversering av nokre fylker vil føre til kutt i midlar som elles ville gått til utvikling i andre fylker.

Alle som er opptekne av å utvikla regionane i Noreg bør difor vera særs merksame på kva som skjer i tida som kjem.

Samstundes er det verdt å reflektere litt kring kor laust offentlege midlar verkar å sitja til dette. Kva resultat hadde ein fått dersom midlane til utviklinga av fylka sat like laust?

Det er bra at leiande politikarar i fylkja som slo seg saman no verkar «å vera på ballen» for å passe på at endringar i finansieringssystemet ikkje favoriserer dei som no vert splitta opp igjen på bekostning av dei som slo seg saman.

I same slengen burde alle vi som er opptekne av å utvikla det regionale nivået no nytte anledninga til å sende eit krav til regjeringa om å få ei eingongsutbetaling til utviklingsarbeid som tilsvara den summen ein skal bruke på reversering.

Då får vi om ikkje anna testa om midlane til utvikling av kraftfulle regionar sit like laust hjå denne regjeringa som til å reversere dei.

Neste artikkel

Riktig diagnose, ingen medisin?