Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Full støtte til ferjeopprøret frå Raudt

La den søkkrike staten – ikkje innbyggjarane – betale ekstrakostnadene for nullutslepp i kollektivtrafikken.

Jeanette O. Syversen, gruppeleiar Raudt i Vestland fylkesting. Foto: Privat
Jeanette O. Syversen, gruppeleiar Raudt i Vestland fylkesting. Foto: Privat

Ferjeopprøret spreier seg langs heile kysten og innover i fjordane, som fylgje av at ferjeprisane skyt til vêrs etter nyttår. Dette kan samanliknast med bompengeopprøret i storbyane i fjor.

Det er mange arbeidsfolk, som er avhengige av ferjesambandet for å pendle til jobb, som no merker at prisauken svir. Raudt Vestland vil åtvare mot denne utviklinga. Det var ein premiss for den sokalla regionsreforma at det skulle komme nye oppgåver og at desse skulle fullfinansierast av staten.

Dei få oppgåvene som kjem, kjem stort sett utan pengar. Tvert imot kan vi no observere at samferdsleministeren på vegner av regjeringa, fråskriv seg alt ansvaret for finansieringa av det grøne skiftet og utskifting til nullutsleppsferjer i fylka!

Det har blitt tatt eit stort ansvar i fylkeskommunane for å imøtekomme krav om reduserte CO2-utslepp langs heile kysten og i fjordane i ferjefylka – med storstilt omstilling til elektriske ferjer. No blir fylkeskommunane straffa, for å ha tatt dette ansvaret for å ta klima og miljø på alvor! Regjeringa og den søkkrike staten går fri – mens ferjependlarane må svi! Distrikta tapar nok eingong – ferjeopprøret er eit nytt døme på dette.

Annonse

Raudt Vestland foreslo i vårt alternative fylkesbudsjett, fylgjande verbalforslag i Vestland fylkesting 17. desember:

«Vestland fylkesting krev at regjeringa og Stortinget finansierer full kompensasjon for meirutgifter for nullutsleppsferjer i Vestland fylke. Dette er eit særs viktig tiltak for å nå FN sine klimamål regionalt, nasjonalt og internasjonalt. 370 mill. må finansierast og overførast til Vestland fylke seinast i samband med Stortinget si handsaming av revidert nasjonalbudsjett våren 2020.»

Vi meinte då, som no, at vi må stå samla opp for innbyggjarane i Vestland, og krevje meir pengar på bordet. Diverre kunne ingen andre parti i Vestland fylkesting støtta dette og setje hardt mot hardt mot regjeringa. Det ville vere å gå for langt, syns dei!

Raudt Vestland støttar fullt ut kravet ifrå over 40 kystordførarar som tek del i ferjeopprøret no. Raudt meiner at regjeringa no må leggje milliardar på bordet, seinast i revidert nasjonalbudsjett, for full kompensasjon for meirutgifter med nullutsleppsferjene.

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) seier til nrk.no/norland, at han vil respektere lokaldemokratiet, og derfor ikkje kan gå inn å kompensere og regulere ferjeprisar. Lokaldemokratiet har diverre tronge kår og mottar ikkje særleg mykje respekt i økonomisk form.

Raudt Vestland held fram med målet vårt om å reversere den meiningslause regionsreforma til regjeringa. På vegen dit skal vi kjempe imot auka ferjeprisar og kutt i kollektivtilbodet elles i Vestland og andre fylke. La den søkkrike staten – ikkje innbyggjarane – betale ekstrakostnadene for nullutslepp i kollektivtrafikken.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Har vi gløymt naturfagpensum?