Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Framtidsvyar for språket

Privatpraktiserande namnepolitikk er noko anna enn naturleg språkutvikling.

Privatisert språk: Konsernsjef i NSB Geir Isaksen legg fram nytt navn for NSB og Nettbuss. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Når støvet frå dei første grøne Vy-vognene har lagt seg, er det på tide å få språket tilbake på skinnene. Regjeringas varsla språkmelding og språklov må sikre mandatet til Språkrådet, før namngivinga av norske selskap og institusjonar sporar heilt av.

Dei fleste har nok fått med seg at NSB skal skifte namn til Vy. Så fint at dei har vald eit namn som er eit ord, tenkte eg med meg sjølv då pressekonferansen var over og vyane var ute av sekken sist veke. Så sterk tiltru har eg altså fått til næringslivsleiarar som fuskar i språkfaget. Eit anna pluss er at dette ordet står i den norske ordboka. Og at NSB i tillegg har vald eit namn med ambisjonar. Vi som forstår trøndersk stussar framleis over at det selskapet som i si tid vart skild ut av Statens vegvesen for å drifte vegane våre på ein konkurransedyktig måte, valde seg det smålåtne namnet Mesta. Altså nesten.

Det vart berre nesten denne gongen også. Vy er det siste av mange nyskapningar på namnefronten her til lands. Av dei mest omtala den siste tida er Høgskolen i Oslo og Akershus som har blitt til OsloMet, og Statoil som har blitt til Equinor. Namna har det til felles at dei er gøy å lage vitsar om dei. Men eigentleg er det ikkje spesielt artig. Dei nye namna har også det til felles at dei er vald mot språkfaglege råd. Namna seier lite om historia til selskapet, det er dårleg norsk og dei går inn i ein stadig meir utbreidd namnetradisjon der fagkunnskapen om det norske språket blir sett til side i valet av nye namn.

Og det er problematisk. Sjølv om språket vi snakkar og språket vi skriv som privatpersonar langt på veg er ei privatsak, er ikkje fellesskapet sitt språk det. Språkrådet er statens fagorgan for språkspørsmål, eit nøytralt og språkfagleg svært kompetent organ som forvaltar språket, språktradisjonen og språkreglane på vegner av fellesskapet. Det er Språkrådet som har ansvaret for å forvalte rettskrivinga av det norske språket, til dømes. Det er nemleg ikkje ein jobb kvar enkelt institusjon kan gjere. Og som namnet deira så tydeleg seier, så gir dei råd om kva som er godt språk. Men det er altså ikkje alle som vil ta i mot råd.

Mange av fellesskapet sine verdiar har blitt seld ut og privatisert under denne regjeringa. Mellom anna delar av NSB. Eg håpar ikkje det same får skje med språket. Kulturministeren har varsla at dei kjem ei ny språkmelding og ein ny språklov. Det er viktig at mandatet til Språkrådet blir grundig slått fast ein gong for alle i denne loven. Slik at råda deira blir følgde, ikkje berre når vi liker råda.

Annonse

For kva som er godt språk, er ikkje ei smakssak. Sjølv om statsministeren latar til å tru det. Ho har uttalt at ho ikkje ville gjere seg til smaksdommar over det nye namnet til NSB. At statsministeren vel å gjere dette til ei smakssak, svekker statusen til språkfaget. Smak er uinteressant, iallfall i denne samanhengen. Smak er subjektivt, smak endrar seg, og det er nettopp derfor vi har eit nøytralt fagleg rådgivande organ som skal gi råd om språk.

Godt språk er ikkje ei smakssak. Sjølv om statsministeren latar til å tru det.

Eg tippar dei som valde eit nytt namn på NSB velvillig tok imot råd frå reklamebyrået som utvikla profilen, frå konsulentane som utvikla strategien og frå designaren som teikna dei nye uniformene til dei tilsette. Fordi dei sit på ein fagkunnskap som konsernleiinga og styret truleg ikkje har sjølv. Men sjølve namnet, språket, ville dei ikkje ta imot råd frå fagfolk om. Dei som styrer våre felles eigde selskap og institusjonar legg altså sin eigen smak til grunn for eit namneval som angår fellesskapet.

Vi ser det i andre offentlege namnesaker også, at private interesser trumpar språkfaglege råd. Ein utbyggar av eit nytt bustadområde vil heller velje namn som osar av velvære, livskvalitet og heimekos enn eit historisk riktig namn. Vegnamn etter ein historisk person frå bygda, eit historisk gardsnamn eller eit namn som seier noko om terrenget, vil kanskje ikkje selje like mange bustader som eit namn med positivt lada, men heilt historielause ord som ikkje seier noko om staden der huset er bygd.

Språket utviklar seg. Det har det alltid gjort og det kjem det alltid til å gjere, og vi ser det både i tale og i skrift. Verken dialektane, bokmålet eller nynorsken er like i dag som det var for 100 år sidan. Men den privatpraktiserande namnepolitikken vi ser rundt om i det offentlege og halvoffentlege Noreg, er ikkje naturleg språkutvikling. Det er språkleg vanskjøtsel. Medvitet om kva som er godt språk er ikkje til stades. Det blir ikkje rekna som viktig nok.

Konsernsjefen i NSB har lovt oss at vi kjem til å like namnet Vy berre vi blir vande med det. Det er altså vyane hans for namnet. At vi skal like det. Ikkje at det skal seie oss kva selskap det er snakk om, kva historie selskapet har og kva land og språksamfunn det høyrer heime i. Vi andre som har utsyn, overblikk, oversyn og perspektiv på det norske språket, må ta ansvar for å auke medvitet om det. Språkmeldinga og språkloven vil vere ein god plass å starte, for å sikre mandatet og heve statusen til dei som røktar språket på vegner av oss alle.

Neste artikkel

Skulevalet på Lillestrøm