Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Framleis mindre tap av sau til rovvilt

Tapa av sau til rovvilt er kraftig redusert dei seinare år. Førebelse tal for 2018 tyder på ein liten reduksjon.

Tap av sau til rovdyr går ned, skriv innsendaren. Foto: Siri Juell Rasmussen.

Det er ein nedgang i tap som skuldast jerv, gaupe og kongeørn, medan det er noko auke i tap som skuldast bjørn og ulv. Men samla nedgang er det!

I Nationen sin leiar 26. november 2018 kan vi blant anna lese at tapa av sau til rovvilt aukar, og at miljøstyresmaktene meiner veksten i rovdyrtap skuldast den overtallige ulven. Begge deler er galt, og eg meiner Nationen gjev eit feilaktig bilete til sine lesarar på sviktande grunnlag.

Fullstendig oversikt over tapet av sau i beitesesongen 2018 får vi ikkje før alle søknader om erstatning er handsama. Vi har på den andre sida god oversikt over kor mange skader som er dokumentert og antatt sikkert påført av rovvilt. Ei samanlikning med slike påviste tap i høve til tidlegare år viser at årets tap ligg litt under fjorårets nivå, og betydeleg mindre enn for ti år sidan.

Vi har over 2 millionar sau og lam på beite i Noreg, og så langt i år er det påvist at 1611 av desse er tatt av rovvilt. Dette er litt under fjorårets nivå då det på same tid var påvist 1625 sau tatt av rovvilt, og langt under 2009-nivået då 2679 blei påvist tatt av rovvilt.

Annonse

Det har den siste tiårsperioden ikkje vore påvist færre sauer tatt av gaupe, jerv og kongeørn enn kva vi ser i år. Desse artane har dei seinere år vore årsak til over 60 prosent av rovviltskadene på sau, og reduksjonen er difor av stor tyding.

Bjørneskadene har isolert auka noko i år, men er framleis om lag halvparten av det vi hadde i 2009. Samtidig er det viktig å vere klar over at bjørnebestanden er langt mindre enn bestandsmålet Stortinget har fastsett.

I forhold til i fjor er det i år påvist ein auke i skader forårsaka av ulv, og skadene her kan variere ein del mellom år. Variasjonen har nær samanheng med kor mange unge streifulvar som dukkar opp i løpet av sommaren.

Eg var ganske tydeleg med Nationen sin journalist i høve til at når vi snakka om tal og statistikk, og tap av sau til rovvilt, så var det samla for alle dei 5 rovdyrartane. Vedlagt følgjer ei oversikt som kvar og ein av Nationen sine lesarar kan studere.

Neste artikkel

Redelighet i rovviltdebatten?