Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Framleis full norsk kontroll med sikkerheita

Eg registrerer at Grethe Thorsen i Norsk Lokomotivmannsforbund ikkje er einig med meg i kva EUs fjerde jernbanepakke handlar om.

Samferdsleminister Jon Georg Dale. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Samferdsleminister Jon Georg Dale. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Ein ting er kva ho meiner er viktig, ein annan ting er at vi bør kunne bli einige om kva som er det faktiske innhaldet. Først då kan vi sjå på dei utfordringane jernbanen slit med i dag, og diskutere om dei kan bli løyst med jernbanepakka.

Sjølv om nokre – sjølv EU-motstandarar som meg sjølv – reiser bust når det vert snakk om å overføre myndigheit til EU-organ, må det vere lov å peike på dei fordelane det faktisk kan bringe med seg. Det er faktisk meininga med pakka å leggje til rette for eit betre fungerande jernbanesystem. Poenget er å fjerne unødvendige krav og repeterande prosessar, slik at det blir enklare, rimelegare og meir effektivt å byggje, vedlikehalde og drive jernbanen.

Det er diverre eit faktum at den europeiske jernbaneindustrien lenge har slite med å måtte følgje tidkrevjande nasjonale godkjenningsprosessar land for utstyr som er meint til bruk i fleire land.

Thorsens døme med dobbeltdekkarar på Østfoldbanen illustrerer etter mitt syn at jernbanepakka er rett medisin: Problemet her er nettopp dei nedarva lokale hindringane i infrastrukturen som gjer det ekstra tidkrevjande å finne tog som passar eller gå i gang med å spesialtinge togmateriell på nytt.

Annonse

Tid er pengar, som Onkel Skrue seier, og difor er ikkje arbeidet med å harmonisere krav og godkjenningsprosessar på tvers av landegrensene i den europeiske jernbanesektoren nytt. Å harmonisere vil føre til ein betre kvardag for dei reisande som følgje at nye løysingar kan bli tatt i bruk raskare, enklare og rimelegare.

Eg er takksam for at Thorsen har så stor tillit til norske politikarar og byråkratar, for det må tyde på at ho òg har tiltru til det arbeidet som vi gjer i dag med å halde på ein sikker og velfungerande jernbane.

Det europeiske jernbanebyrået ERA skal treffe vedtak om sikkerheitssertifikat, men ver merksam på at det berre gjelde sjølve vedtaket om tildeling, og det er berre for togselskap som skal køyre i fleire land at byrået er rett myndigheit. I alle saker skal byrået rådføre seg med den nasjonale myndigheita om dei relevante nasjonale krava er oppfylt. Og – ikkje minst – for alle togselskapa som køyrer i Noreg skal Statens jernbanetilsyn halde fram med å føre tilsyn.

Det er Statens jernbanetilsyn som skal treffe vedtak om å forby farleg verksemd, og slike vedtak kan korkje ERA eller andre EU-organ overprøve. Om Thorsen trur noko anna, må ho lese artikkel 17 i det nye sikkerheitsdirektivet ein gong til.

For togselskapet Go-Ahead Norge AS, som har vunne kontrakten om å køyre på Sørlandsbanen, er det Statens jernbanetilsyn som er rett myndigheit for sikkerheitssertifikatet. Dei har allereie hatt informasjonsmøte, og Jernbanedirektoratet har ei klar forventning om at det ikkje skal vere nokre manglar ved sikkerheitsarbeidet til Go-Ahead. Det kan det heller ikkje vere, for då kan selskapet ikkje køyre tog. Avgjerda ligg hos norske myndigheiter, så enkelt er det.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Vi skal styre norsk jernbane – ikke EU