Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frå kommunalt problem til utviklingsprosjekt?

Over heile landet har det dei siste tiåra vore lagt ned ei rekke små kommunale gredeskolar, som i neste omgang har vorte reetablert som private montessoriskolar.

Må overleve: Inntektssystemet for kommunane må utviklast slik at dei små skolane kan overleve, skriv innsendaren. Illustrasjonsfoto: Mostphotos
Må overleve: Inntektssystemet for kommunane må utviklast slik at dei små skolane kan overleve, skriv innsendaren. Illustrasjonsfoto: Mostphotos

På Helgeland har kommunane Rana, Vefsn og Dønna fått private montessoriskolar etter opprivande debattar, der grendeskolen er definert som eit kommunalt økonomisk problem.

Sist ute er Leirfjord kommune, som har vedteke å legge ned dei to grendeskolane, Ulvang og Tverlandet. «Nedleggingsvedtaket var begrunnet i kommunens økonomiske situasjon, og innsparinga ligger hovedsakelig i lønnsmidler,» skriv Helgelands Blad (HB), 11.04.2022. Vedtaket er underkjent av Statsforvaltaren i Nordland og saka skal dermed opp til endeleg vedtak i kommunestyre 29. juni.

Foreldra ved Tverlandet har etablert Tverlandet Montessoriskole og har søkt godkjenning for ein privat skole i Leirfjord, med oppstart frå 2023. Dersom Leirfjord kommune stadfestar nedleggingsvedtaket, har fleire av foreldra ved Tverlandet skole, søkt til Elsfjord Montessoriskole frå hausten 2022, i påvente av oppstart ved Tverlandet Montessoriskole.

I HB (06.04.22) argumenterer foreldra sterkt mot nedleggingsvedtaket, den lange skolevegen for ungane og for dei positive pedagogiske fordelane ved grendeskolen og for montessoripedagogikken. Elsfjord Montessoriskole har venteliste til dei 25 plassane sine og dei har søkarar frå nabokommunane.

Nedlegging av grendeskolar utløyser ofte eit foreldre- og bygdengasjement som etablerer vellykka montessoriskolar. Når seksåringar blir pålagt ein skoleveg på opptil seks mil kvar dag, må ein ha stor respekt for at foreldre reagerer.

Finnes det ein annan veg ut av dette uføret, slik at grendeskolen kan bli ein ressurs for kommunen og ikkje eit problem? Grendeskolen ligg godt til rette for å realisere dei viktigaste pedagogiske elementa i montessoripedagogikken. Aldersblanding, leiken og samarbeidet med foreldra og lokalsamfunnet, gjer undervisninga konkret og jordnær for elevane.

Med seksåringane inn i skolen, har verdien av ein liten grendeskole vorte endå større. Fem-seksåringar bør ikkje kjøyre milevis til sentralskolen langt unna heimemiljøet. Leiken får større plass og overgangen frå barnehagen til skolen blir enklare. Dette skjønar foreldra. Difor sloss dei så sterkt for den lokale skolen. Forsking viser at den største suksessfaktoren for skolen, er samarbeidet med foreldra.

Det trengs ikkje å etablere ein privat montessoriskole for å gjennomføre montessoripedagogikk! Framsnakk grendeskolen, lytt til foreldra og støtt det utviklingsarbeidet som grendeskolane har lang tradisjon for, til dømes Nysgjerrigper-metoden ved Tverlandet skole.

Tidlegare Høgskolen i Nesna hadde vidareutdanning i montessoripedagogikk. Ikkje for å privatisere, men for å bruke pedagogikken i den offentlege grunnskolen. Kanskje vi kan få Campus Nesna til å ta opp den tradisjonen?

Det trengs forsking for å dokumentere og vidareutvikle verdiane ved dei små grendeskolane. Vi treng å få etablert eit senter for forsking og utdanning i distriktsperspektiv ved Campus Nesna, jf. Hurdalsplattforma.

Inntektssystemet for kommunane må utviklast slik at dei små skolane kan overleve. Den samfunnsmessige kostnaden ved nedlegging av grendeskolen er stor, både i omdøme og når det gjeld tilbod til elevar og foreldre. Tenk om kommunane kunne forvalte foreldreengasjementet til noko anna enn kamp mot nedlegging?

Neste artikkel

Hvem styrer vindkraftpolitikken, Aasland eller Haga?