Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frå farne tider

Det stundar mot jul dette året også. Me treng å koma ut av travle dagar, kosa oss, og kan hende nytte høvet til å fundere på korleis opplevingar, tradisjonar og familiehistorier har forma oss.

Fest i stova: Julaftan var ein fest for store og små. Foto: NTB scanpix
Fest i stova: Julaftan var ein fest for store og små. Foto: NTB scanpix

Eg tenkte difor å skriva litt om opplevingar frå barndomen. Eg har ein bror som gjev inntrykk av at han hugsar før han vart fødd. Det gjer ikkje eg, så nokre av historiene er eg fortald av mine foreldre.

Mor kom frå stasjonsbyen Nærbø 18 år gamal og gifta seg, sikkert sett med andre sine augo, til ytste periferien i Mærlia. Farmor mi var nett gått bort, så ho kom til ein heim der det var ektemann og svigerfar. Dei andre konene i dalen var i slekt og eldre enn mor. Mor har aldri sagt noko om det, men eg trur ikkje det var ein lett overgang for ei ung jente.

Av og til er det tilfeldigheiter som gjev moglegheiter. To nabokoner skulle setja opp ein vev, og dei sleit med dette. Mor mi var godt kjend med vevarbeid frå oppveksten, og far oppmuntra henne difor til å tilby hjelp. Meir skulle ikkje til. Mor hjelpte nabokonene med vevstolen, og med det var ho inne i miljøet. Mor kalla dette ein styrelse for ei ungjenta som kom til bygda.

Den eine av desse naboane hadde sjølv på eit lite småbruk fostra åtte barn som nå var flytta ut. Mannen hennar var gått tidleg bort. Gurina, eller Gona som eg kalla henne, vart reservefarmor for meg. Det var gildt å gå på besøk til Gona. Var eg heldig vanka det kandissukker på meg. I den tida var kandissukker på tråd, og dermed var spenninga knytt til kor ho klipte.

Dersom politikk alltid er å summera tal og ikkje anna, kan ein permittera politikarane og hyra inn økonomar.

Gurina baka også syrekaker. Dei var gode, særleg med godt med smør på. Gurina skulle læra mor og baka desse. Det lærde mor aldri, oppskrifta var inni hovudet, og Gurina var rask i snuen, vipps så var deigen klar. Slik var det gjerne; syrekakene smaka likt dersom folk var i slekt, dette var tradisjon basert på opplæring år etter år.

Ein haustdag skulle eg væra med Gurina og sjå i ålkjeret (ålrusa) som sto i bekken frå Åltjødna. Me stavra oss bortover i utmarka, Gurine med staven sin, og eg var truleg fem-seks år gamal. Ho trong tid for å koma seg i rett stilling med staven ut i bekken. Då ho var klar langa ho ålane over skuldra i stor fart. Min jobb var å fanga dei og stappa dei i jutesekken.

Annonse

Gurina kikka ikkje bakom seg for å sjå korleis det gjekk med denne gutetappen som sprang som berre det for å fanga ålane i nedoverbakke i fuktig gras. Minnet er spikra i hovudet: Eg kunne ikkje svikta Gurina sjølv om det var ufyseleg jobb.

Det var ein stolt gut som var på heimveg med jutesekken på ryggen. Det vart eit stort klipp av kandis sukker den dagen.

Sjølv har eg aldri hatt sansen for salta og tidvis røkt ål, det er visstnok ein delikatesse i desse dagar. I den tida eg omtaler var det nok heller sjølvberging som mykje anna ein hausta i naturen.

Stundom tek tankane sine eigne vegar, og ein tenkjer tilbake på tida kring 1960. Då vart landet bygd opp, med infrastruktur som straumforsyning, telenett og eit vegnett for den tids bilbruk. Det var ikkje overflod av pengar på den tida, men det var ein vilje til å ta landet i bruk. På den tida var det ikkje nokon som hadde høyrt om Erna Solberg, Siv Jensen eller Ola Elvestuen, og godt var det.

Kva skjer i dag? Blårussen reknar i detalj på enkeltståande saker, heilheit trur eg er eit fyord hjå desse. Sjølvsagt vert kapitalavkastinga betre di fleire ein kan dele kostnadane på, det forstår sjølv ein bonde frå bygda. Men dersom politikk alltid er å summera tal og ikkje anna, kan ein permittera politikarane og hyra inn økonomar.

Eg har framleis tru på at politikk er å setja seg mål og så verta samde om verkemiddel for å nå måla. I politikken kan to pluss to av og til bli fem, om ein ynskjer det.

For å slutta med det eg byrja med; julefeiring. Julaftan starta med tur til Gona på føremiddagen. Der bruka det å vanka litt godt og bita i, ein liten pakke og sjølvsagt kandissukker. Dagen var lang, og eg synest alltid far var sein inn frå fjøset.

Me bruka å eta saueføter til kvelds på julaftan. Som oppklaring kan eg samanlikna dei med smalahovud frå Voss. Eg har seinare i livet kalla dette for «vaksenkost». Oppvasken tok evigheit av tid, kjendest det som. Og så vart det endeleg fest i stova for gutetappen, og pakkar!

God jul til lesarar av Nationen.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Grunnrenteskatt for havbruksnæringa vil verte ein katastrofe