Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forslaget om å fjerne minstefrådraget er god fordelingspolitikk

Det har skapt stor merksemd at SV i sitt alternative statsbudsjett vil fjerne det såkalla botnfrådraget i jordbruksstøtta. Dette frådraget verkar på den måten at dei gardsbruka med minst produksjon ikkje får støtte i det heile teke.

Alternativt budsjett: SVs Kari Elisabeth Kaski og Torgeir Knag Fylkesnes vil fjerne botnfrådraget i jordbruksstøtta. Foto: Berit Roald / NTB
Alternativt budsjett: SVs Kari Elisabeth Kaski og Torgeir Knag Fylkesnes vil fjerne botnfrådraget i jordbruksstøtta. Foto: Berit Roald / NTB

Dei bruka som har noko større produksjon, oftast klassiske småbruk som driv yrkes- og inntektskombinasjon får halvert støtta, og så videre. Dei verkeleg store som driv industriell produksjon, til dømes dei cirka 1000 bruka som får 1 million eller meir, får berre ein symbolsk reduksjon i overføringane på grunn av minstefrådraget.

Dette minstefrådraget er kroner 6000. Nå får også dei små produsentane litt støtte for sitt bidrag til sjølvforsyninga.

Først: Kva er det allmenne med botnfrådrag? Det er at botnfrådrag på utgifter verkar inntektsutjamnande. Botnfrådraget på skatten gjer derfor at dei med låge inntekter betaler prosentvis mindre skatt enn dei som har høge inntekter.

Dette er så rimeleg og rettferdig at knapt nokon argumenterer mot det. Botnfrådrag på støtte, også jordbruksstøtte, verkar motsett: Det aukar inntektsskilnaden. Dette minstefrådraget har vi hatt lenge, men Sylvi Listhaug tredobla det. Ingen var veldig overraska over at Frp tok frå dei små og gav til dei store.

Forslaget om å fjerne dette minstefrådraget er altså god fordelingspolitikk i tråd med det SV seier at partiet vil oppnå med sitt alternative budsjett. Reaksjonane frå partane i landbruksforhandlingane slik desse er formidla av Nationen, er interessante.

Annonse

Bondelaget går etter det eg forstår mot å fjerne botnfrådraget fordi overføringane blir fordelt på for mange. Som ei historisk forståing av Bondelaget er ikkje dette uventa. Dei har vore storbøndenes organisasjon og har hatt slagordet «færre, men sterkare».

Meir uventa var likevel reaksjonen frå Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Ein skulle tru at dette var tiårets julegåve for organisasjonen. Småbrukarlaget har, slik eg forstår det, gått inn for at det skal bli fleire, ikkje færre, aktive gardsbruk.

Med fjerning av botnfrådraget kan fleire bruk bli registrert som aktive i produksjonstilleggsregisteret for første gong. Organisatorisk nestleiar Fiskvik skriv rett nok (i motsetning til Bondelaget), at fjerning av botnfrådraget er bra.

Likevel nyttar han høvet til å bruke storslegga mot forslaget fordi dette gjev «Ynkelige 6000 kroner per gårdsbruk. Og så spør han: «Var det partiets bidrag til å jamstille bønders inntekter med folk flest? Tror de virkelig det er summen som skal til?».

Eg veit ikkje om fjerning av botnfrådraget er SVs totalbidrag til jamstilling. Ut frå partiprogram og intervju med Fylkesnes vil partiet meir, men dette skal ikkje eg «analysere».

Derimot er det interessante spørsmålet: Korleis meiner Bonde- og Småbrukarlaget at til dømes ein liten ekstra milliard nå skal fordelast? Støttar dei forslaget om å legge denne milliarden inn i fordelingsnøklane til nåverade støtteordning slik at dei bøndene som har millionar i skattbar inntekt og i tillegg får million(ar) i støtte også skal få mest av denne ekstra milliarden?

Slik at dette er klart: Eg spør også som ein fortvila støttemedlem i Bonde- og Småbrukarlaget som ser at organisasjonen nyttar så å si alle høve til å få færre medlemmar. Dette ser eg laget lykkast med.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Strømkostnadene – mye større enn strømregningen for desember