Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forskjell på folk og fly

Vil du endre verda? Skaff deg eit privatfly og fly jorda rundt for å snakke med andre rike i same eliten.

Tok toget: Den 16-år gamle svenske klimaaktivisten Greta Thunberg tok toget til World Economic Forum i Davos. Møtet har i år sett privatfly-rekord. Foto: Valentin Flauraud/Keystone / AP / NTB scanpix
Tok toget: Den 16-år gamle svenske klimaaktivisten Greta Thunberg tok toget til World Economic Forum i Davos. Møtet har i år sett privatfly-rekord. Foto: Valentin Flauraud/Keystone / AP / NTB scanpix

Medan den økonomiske og politiske fiffen privatjettar seg til årets Davos-møte, aukar skilnadene mellom rike og fattige land i verda.

Pussig nok har det ikkje slått verdseliten at det ikkje ser særleg bra ut å setje rekord i talet på privatfly til eit møte der klima er ei toppsak. I år flaug 1500 privatfly til Davos for å bringe politikarar, kjendisar, kongelege og forretningsfolk til toppmøtet i World Economic Forum. Ein oppgang på 200 frå i fjor, trass i at mange statsleiarar i år har takka nei til Davos.

Kontrasten til den svenske klimaaktivisten og 16-åringen Greta Thunberg, som skulestreikar for å ta toget til Davos, kan knapt blir større. Hennar meddebattant Bono tok neppe ferje og tog frå Irland.

Arrangøren oppmodar deltakarane om å bidra med klimakompenserande tiltak, men gir ingen oppskrift på kor mange år ein må berre eta grønsaker for å utlikne utsleppa.

Davos-møtet er ei elitesamling, som det – i alle fall fram til no – har gitt status å delta på. I tillegg til å måtte ha medlemskap i World Economic Forum, ein årleg kostnad på mellom 60.000 og 600.000 sveitserfranc (ifylgje Dagens Næringsliv), er deltakaravgifta 233.000 kroner (27.000 sveitserfranc) for forretningsfolk.

Men bør ikkje verdas politikarar og forretningsfolk møtast for å drøfte økonomiske utfordringar og klimaendringane? Sjølvsagt. Men er det posisjonen og lommeboka som avgjer kor stor skilnad det skal vera mellom liv og lære? Ein skal vera langt inne i røyken etter utsleppa frå dei private jetflya på tur til og frå Sveits, eller Gunhild og Petter Stordalens mange privatfly-ferietokt til utlandet, for å meine at det er grei skuring å kjøpe seg fri frå utsleppsreduksjon gjennom ei frivillig kvoteordning det er usikkert om faktisk reduserer klimautsleppa.

Fekk du med deg denne? Kommentator Hans Bårdsgård skriv: Middelhavskost? Sorry. Grekerne, portugiserne og italienerne spiser mer kjøtt enn oss.

Annonse

Den privilegerte klassen preiker "ikkje som eg gjer, men som eg seier", og ber resten av verda om å fly mindre og eta mindre raudt kjøtt. Slik kan dei sjølve sleppe å redusere forbruket sitt. Men fly forureinar. Faktisk.no faktasjekka seg fram til at om du et kyllingkjøttkaker til middag kvar veke i 18 år, gir det like store klimautslepp som å fly Thailand tur-retur. Tala til Faktisk syner også at om du kan eta ein porsjon på 125 gram storfekjøtt kvar veke i 15 år for å forureine like mykje som turen til Thailand.

Oppsummert

Elitesamling

1 Det årlege toppmøtet til World Economic Forum vart avslutta fredag. Møtet samlar ma. kongelege, forretningsfolk og politikarar frå heile verda.

Større skilnader

2 Denne veka vart det også lanserte ein rapport frå Oxfam som syner at det økonomiske gapet mellom dei rike og dei fattige aukar.

Rike blir rikare

3 82 prosent av formuesauken i fjor gjekk til rikaste 1-prosenten av verdas befolkning.

Men det er ikkje berre i liv og forbrukslevnad at skilnaden er stor. Ifylgje ein rapport frå Oxfam som vart publisert rett før Davos-møtet byrja, aukar skilnaden mellom fattige og rike i verda, trass i at det er færre som lever i ekstrem fattigdom. Dei rike blir fleire og rikare, og betalar mindre skatt. 82 prosent av formuesauken i fjor gjekk til rikaste 1-prosenten av verdas befolkning, medan halvparten ikkje fekk noko auke i det heile.

Meir enn halve befolkninga i verda lever for mellom to og ti dollar kvar dag. Og mange av dei som har løfta seg ut av ekstrem fattigdom, er framleis svært fattige. Sjølv om dei ikkje skulle auke levestandarden til vårt norske nivå, er det utan tvil vanskeleg å for kloten å tole auka klimaavtrykk i fattige land utan at folk i rike land senkar sine.

Eitt døme på kor stor skilnad det er frå topp til tå, er kvinna som jobbar for å gjera H & M-eigar Stefan Persson, ein av verdas rikaste menn, endå rikare. Ifylgje Oxfam-rapporten tok Persson, som har eigedomar både i Stockholm og England, ut 658 millionar euro i aksjeutbytte i 2016. Anju frå Bangladesh, som syr klede for H & M dagen lang, hadde ei årsløn på 900 dollar og ikkje alltid pengar til mat.

Fekk du med deg denne kommentaren frå Michael Brøndbo? Eat-rapportens virkelige kjøttbombe,

Dei rike tener altså gode pengar på at andre går fattige og svoltne. Kleda våre og billigmaten vår frå utlandet blir produsert med hjelp av folk som tener langt under vårt lønsnivå, og forbruket blir sjølvsagt deretter. Som indiske Sunita Narain ved Centre for Science and Environment (CSE) i New Delhi formidlar i Leonardo Dicaprios klimadokumentar "Before the Flood"; vår ekstravagante livsstil i Vesten fører til ein overdriven bruk av fossile ressursar. Me er fossil-avhengige og stort sett ganske lukkelege sådann.

Tilbake i Davos er det berre å håpe at også statsleiarar og verdas forretningsfolk innser at også dei må redusere sine utslepp. Éin stad å starte er jo om fleire deler på eit privatfly. Det ville jo vore for mykje for langt å be dei ta toget.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Acer-saken handler ikke om strømpriser