Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forenkla forhandlingar forenklar ikkje livet som sauebonde

I ei travel vårtid med lamming dag og natt er det tungt å kjenne seg så lite verdsett som eg og mange saubønder gjorde då resultatet av det forenkla jordbruksoppgjeret kom.

Å melde seg ut av Bondelaget løyser ingenting, skriv Ole Bjarne Hovland. Bilete er frå nokre år sidan. Foto: Camilla Skjær Brugrand
Å melde seg ut av Bondelaget løyser ingenting, skriv Ole Bjarne Hovland. Bilete er frå nokre år sidan. Foto: Camilla Skjær Brugrand

Ja, eg er skuffa på sauebonden sine vegne. Med utsikter til lågare betaling for å produsera mat på gras og beiteressursane i inn- og utmark i Årdal i Sogn, kan eg ikkje vere anna enn skuffa. Skuffa på faglaga, der eg sjølv er tillitsvald i Bondelaget, men først og fremst skuffa på vegne av eit samfunn og ein stat som ikkje forstår å verdsetje produksjon av mat på norske ressursar.

Grasbasert kjøtproduksjon i vår del av landet må driftast etter det garden har ressursar til. Med årets forenkla jordbruksoppgjer vert ikkje kvardagen som sauebonde i Indre Sogn meir attraktiv, og den vert i alle høve ikkje meir lønsam.

Når utgiftene aukar og arbeidsvederlaget står på kvil, eller går ned, so truar dette matvaretryggleiken i dette landet. Å ha ein stor produksjon av mat, spreidd over heile landet er ein tryggleik for oss som skal bu i dette flotte landet vårt i framtida. Skal vi sikre og utvikle tryggleiken for meir mat produsert på norske ressursar vil det vere heilt avgjerande at dei grasbaserte produksjonane på Vestlandet og i Nord-Norge vert prioritert mykje høgare enn dei vart i årets forhandlingar. Det trengst verkeleg! La det vere eit svært så tydeleg signal til både eige forhandlingsutval og regjeringa.

Annonse

I ei travel vårtid med lamming dag og natt er det tungt å kjenne seg så lite verdsett som eg og mange saubønder gjorde då resultatet av det forenkla jordbruksoppgjeret kom. Å melde seg ut av Bondelaget løyser ingenting. Eg vel å halde fram med å kjempe gjennom dei kontaktflatene eg har som tillitsvald. Det er den moglegheita vi har i demokratiet Norge, og den må vi bruke endå betre framover. Då må vi faktisk verte fleire medlemer i Bondelaget og ikkje færre. Det grasbaserte husdyrhaldet på vestlandet toler ikkje fleire slike dårlege økonomiske meldingar.

Eg ynskjer å kjenne meg økonomisk verdsett, me driv truleg verdas vakraste og reinaste matproduksjon. Det er kjekt med festtalar når epletrea blømer i mai og lamma dansar på bøen, men dei dug so lite når alvoret senkar seg og rekningane skal betalast. Eg ynskjer at du som er forbrukar, du som er politikar og min eigen organisasjon skal prioritere det grasbaserte husdyrhaldet i distrikt som Indre Sogn og andre liknande kommunar og bygder høgare.

Å ha ein stor nasjonal grasbasert kjøt- og mjølkeproduksjon er god beredskap og må prioriterast skal vi kunne sikre ein bærekraftig og trygg matproduksjon i ei verd der mykje endrar seg brått. Du kan også gjere ditt ved å kjøpe norske produkt basert på norske råvarer. Tenk deg om neste gong du er i butikken.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Arbeiderpartiet og Fellesforbundet krever lovendringer etter avsløring