Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forbrukaren, Tine og Q

Q har alltid betalt meir for mjølka enn Tine.

Dyrere råvare: Q holder prisen til bonde oppe, ikke nede, skriver innsenderen. Foto: Tore Myrstad/Q-meieriene
Dyrere råvare: Q holder prisen til bonde oppe, ikke nede, skriver innsenderen. Foto: Tore Myrstad/Q-meieriene

I mitt innlegg i Nationen 24.2.21 argumenterte eg for at det er forbrukaren som må vera i fokus for å sikra utviklinga i mjølkemarknaden. Konsernsjef Gunnar Hovland kom etter det med eit innlegg som kunne ha vore respons på mine resonnement, men som heller kun gjentek eit snevert partsperspektiv.

Det står han fritt til, men innlegget inneheld nokre usanne påstandar som må imøtegåast.

«Q er eit aksjeselskap der «å betale minst mulig» for mjølka gir høgast muleg avkastning til aksjeeigaren.» Vel, Q-Meieriene har sidan 2004 betalt 14 øre meir per liter enn Tine, eit faktum uavhengig av selskapsform, og har alltid bidrege til at ein kunne ta ut målpris. Den einaste «aksjeeigaren» er stiftinga Kavlifondet som gjev alt overskot til forskning, kultur og humanitære føremål, no særleg knyttta til barn og unge si psykiske helse og ansvarleg forbruk og produksjon, sjå www.kavlifondet.no for meir informasjon.

«Det er berre Tine som jobbar for høgast muleg volum og pris til mjølkeprodusentar i heile Noreg – me har det som formål.» Salsverdien i en marknad er avhengig av både volum og pris. Q-Meieriene har gjennom årevis med forbrukardrivne innovasjonar, og å vera ein konstruktiv utfordrar, gjort mykje for å auka volumet, og som sagt alltid betalt meir til bøndene enn Tine, sjølv om prismaksimering ikkje er Q sitt føremål. Som monopolist kunne Tine ha vektlagt pris meir enn volum, men det var i gamle dagar.

"Det var rett å innføre tilskot for å styrke konkurransen for 20 år sidan – til no er det brukt over 2 milliardar kroner i slike tilskot og konkurrentane er blitt store og meir lønsame enn Tine." Prisutjevningsordninga er regeldriven, ikkje basert på skjøn ut frå storleiken, det er den einaste måten den kan vera føreseieleg for aktørane. Difor er akkumulerte beløp over 20 år uinteressante i seg sjølv, det er dei prinsipielle vurderingane bak som må drøftast, og der kjem dei ingen nye forslag frå Hovland.

Dvs. andre modellar som på ein betre måte ivaretek den konkurransen vi treng for å levera best til forbrukar og samfunn. Konkurransefremjande tilskot må heller ikkje sjåast isolert, Q-Meieriene bidreg med over 100 millionar kroner meir til ordninga, enn vi får tilbake, når ein ser alt samla. Når det gjeld storleik er Tine sin omsetnad over 20 gonger Q-Meieriene sin, og dei har frå 70-100 prosent marknadsandel i alle kategoriar. Elles er det uråd å skjøna korleis Hovland ser Tine som meir lønsam enn konkurrentane, med driftsresultat på 8,8 prosent og årsresultat på 7,9 prosent av omsetninga for konsernet i 2020. Dei same tala var 6,9 prosent og 5,3 prosent for Q-Meieriene i 2020, etter over 20 år med stort sett negative tal.

Tine og Q-Meieriene vil, som konkurrentar, ha ulike perspektiv på mjølkemarknaden, men det hadde vore nyttig om debatten kunne ha vore meir prinsipiell, og meir rundt kva som gjer oss som næring stadig meir relevante for den forbrukaren vi møter og det samfunnet vi er ein del av.

Neste artikkel

Om bunadsølv og arvesølv