Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Forbodet mot pelsdyrhald og erstatning

Etter mitt syn oppfyller ikkje utkastet til forskrift for pelsdyrkompensasjon dei grunnlegganede krava om likebehandling og til fråver av vilkårlegheit.

Foto: Håvard Zeiner

Forbodet mot hald av pelsdyr er ei råderettsinnskrenking etter Grunnlova, og forbodet fell innanfor verkeområdet for Den europeiske menneskerettskonvensjonen protokoll 1 artikkel 1 (P1-1).

Landbruks- og matdepartementet har lagt til grunn at inngrepa blir kompensert i pengar og i avviklingstid. Eg legg til grunn at det er eit haldbart utgangspunkt. Det er likevel ikkje slik at det inneber at departementet står fritt i utforminga av dei nærare reglane.

I dommen i Rt-1992-1511 uttala fleirtalet i Høgsterett at eit inngrep i igangverande næringsverksemd må, for å vere i samsvar med Grunnlova, skje ut frå «saklige kriterier». Mindretalet uttala at omsyna til likebehandling og førehandsvisse («forutberegnelighet») er ein del av innhaldet i Grunnlova § 97. Skilnadene mellom dei to fraksjonane er neppe store. Ved ei tilsvarande sak i dag ville grunnlovsspørsmålet dessutan ha teke omsyn til innhaldet i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).

EMK protokoll 1 artikkel 1 (P1-1) gir vern av rett til og over eigedom. Alle inngrep («interferences») i rettar verna etter P1-1, må skje i samsvar med vilkår som følger av lov. Sjå som eksempel storkammerdom 13. desember 2016 frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i saka Béláné Nagy mot Ungarn paragraf 112, der det også er framheva at slike inngrep må vere i samsvar med rettsprinsippa som gjeld i alle rettsstatar («the rule of law»). I storkammerdom 22. juni 2004 frå EMD i saka Broniowski mot Polen paragraf 147 uttalar retten at desse rettsprinsippa gjeld alle inngrep etter P1-1. Vidare heiter det:

"The principle of lawfulness also presupposes that the applicable provisions of domestic law are sufficiently accessible, precise and foreseeable in their application […]."

At dei aktuelle føresegnene må vere tilstrekkeleg tilgjengelege, presise og føreseielege i bruken, går også fram av fleire andre dommar.

Ei viktig side ved at inngrep må skje i samsvar med lov er at inngrep ikkje må skje vilkårleg, sjå EMDs dom 23. januar 2014 i saka East West Alliance Limited mot Ukraina paragraf 167 og dom 22. september 1994 i saka Hentrich mot Frankrike paragraf 42.

Utkastet til forskrift bygger på kompensering av bokført verdi av ikkje realiserbar drifts- og anleggskapital ved utgangen av rekneskapsåret 2017, men fråtrekt 7 prosent årleg avskriving etter dette. Større påkostingar etter 10. januar 2017, men før 15. januar 2018, kan godtgjerast etter ei individuell vurdering.

Annonse

Som kompensasjonsgrunnlag gir bokført verdi eit vilkårleg resultat. Eg kan for min del heller ikkje sjå at det er nokon sakleg grunn til valet av dette som grunnlag. Eksempla nedanfor viser ein stor variasjon av bokført verdi i høve til anleggsverdien av igangverande pelsdyrgard, frå opp mot full verdi til ned mot nesten ingenting.

Har pelsdyrhaldaren drive lønsamt over mange år, har han gjerne maksimale avskrivingar og har ført mange tiltak som direkte utgift. Bokført verdi på anlegget kan då vere lågt, sjølv med eit svært moderne og godt vedlikehalde anlegg. Tenker vi oss at den same pelsdyrhaldaren har hatt svak lønsemd, er det gjerne låge avskrivingar og også liten bruk av direkte utgiftsføring. Sjølv om anlegget då kan vere nedslite, er bokført verdi høg.

Mange overdragingar av pelsdyrgardar skjer i nær familie som gåve eller gåvesal. Etter gjeldande reglar vil overtakaren då gå inn i den kostprisen (bokført verdi) som overdragaren hadde. Dei som overtok i 2013 og tidlegare kunne auke kostprisen i samsvar med arveavgiftsgrunnlaget, opp til marknadsverdien.

Om ein utanforståande nyleg har kjøpt ein tilsvarande pelsdyrgard til marknadspris, vil han ha rett til kompensasjon ut frå kjøpesummen for den delen som gjeld ikkje realiserbar drift- og anleggskapital.

På andre punkt er reglane i utkastet verken presise og eller føreseielege, jf. lovskravet etter P1-1. Eg nøyer meg med å nemne to slike punkt.

Utkastet § 5 første ledd andre punktum lyder slik:

"For ikke-realiserbar drifts- og anleggskapital som brukes både innenfor og utenfor pelsdyrvirksomheten, fastsetter fylkesmannen skjønnsmessig hvor stor andel av kapitalen som skal inngå i grunnlaget for kompensasjon."

Utkastet § 5 tredje ledd lyder slik.

"Pelsdyroppdrettere som har foretatt større påkostninger i pelsdyrvirksomheten etter 10. januar 2017, men før 15. januar 2018, kan etter en individuell vurdering gis en høyere kompensasjon for ikke-realiserbar drifts- og anleggskapital enn det som følger av første og andre ledd."

Det er ikkje lett å sjå grunnen til at det her er trekt inn datoar frå før lova vart sett i kraft 1. juli 2019.

Regjeringa og Stortinget har lagt til grunn at det skal betalast kompensasjon til dei pelsdyrbøndene som må avvikla. Grunnleggande krav til saklege kriterium, til regelutforming, til likebehandling og til fråver av vilkårlegheit må då oppfyllast. Etter mitt syn oppfyller ikkje forskriftsutkastet desse krava.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Nortura-strategi