Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

For å nå klimamåla er det best å gi regjeringa fire nye år

Utsleppa går ned. Med Venstre i regjering skal trenden halde fram og kutta komme raskare.

Misvisande: MDG-leiar Une Bastholm  bruker 5107 teikn, inkludert mellomrom, på å vere misvisande om klimapolitikken til regjeringa, skriv miljø- og klimaminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Terje Pedersen / NTB
Misvisande: MDG-leiar Une Bastholm bruker 5107 teikn, inkludert mellomrom, på å vere misvisande om klimapolitikken til regjeringa, skriv miljø- og klimaminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Terje Pedersen / NTB

Dei norske klimagassutsleppa har gått ned fire år på rad. I Nationen 13. oktober bruker MDG-leiar Une Bastholm 5107 teikn, inkludert mellomrom, på å vere misvisande om klimapolitikken til regjeringa.

Les innlegget til Bastholm:

Ho bruker nesten 2000 teikn på å skrive om havvind utan å nemne Hywind Tampen, det største anlegget i verda for flytande havvind som har fått 2,3 milliardar kroner i statsstøtte. Og blant dei teikna finn ho heller ikkje plass til ei setning som viser forståing for at det er forskjell på botnfast havvind og flytande havvind. I Noreg må vi satse på den som flyt. Den teknologien er dyrare og mindre moden. Derfor går òg Noreg i front for å utvikle teknologien.

Annonse

Så bruker ho 527 teikn på ei mildt sagt mangelfull framstilling av bilavgiftene i statsbudsjettet. Ja, vi innfører ei låg trafikkforsikringsavgift på elbilar. Det lever eg godt med, og eg trur ikkje det vil ha betydning for elbilsalet framover. Det som derimot kan ha effekt, er dei endringane i bilavgiftene som Bastholm ikkje nemner. Vi aukar eingongsavgifta på forureinande bilar, både personbilar og varebilar. Medan elbilar framleis ikkje har nokon kjøpsavgifter, aukar kjøpsavgiftene på fossilbilar. Det gjer at det lønner seg meir å kjøpe ein elektrisk bil.

Regjeringas elbilsatsing er ei av årsakene til at utsleppa har gått ned fire år på rad. Derfor består fordelane samtidig som vi gjer det dyrare å kjøpe fossilbil. Det er nødvendig for at vi skal nå klimamåla.

Bastholms 514 teikn om karbonfangst og -lagring bruker ho på å framstille tidenes største klimasatsing i norsk industri som "søndagstempo". Med 16,8 milliardar kroner over dei neste åra til å fange CO2, transportere det og lagre det under sjøbotnen vil vi kutte utslepp, skape grøne jobbar og utvikle teknologien som er nødvendig for framtida. Det er den store klimasatsinga i dette budsjettet.

Sjølv om utsleppa har gått ned fire år på rad, er ikkje jobben ferdig. Utsleppa skal halde fram nedover, og det må skje endå raskare. Men skal vi lykkast, må vi halde fram med den politikken vi veit at fungerer: Halde fram med å gjere det dyrare å forureine, billegare å velje miljøvenleg og støtte den teknologien som skal få ned utsleppa i framtida. Det er det denne regjeringa gjer. Det fungerer.

Dei faglege framskrivingane tilseier at utsleppa vil halde fram med å gå ned kvart år framover, dersom dagens politikk består. Men politikken skal ikkje bestå som i dag; den skal bli endå betre. Vi skal skru opp tempoet og stramme skruane, og då vil kutta komme endå raskare. Det er det vi gjer i dette budsjettet, og det er det vi skal gjere framover. Utsleppa har gått ned fire år på rad. Skal vi nå klimamåla, er det best å gi denne regjeringa fire nye år.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Statsbudsjettet – en katastrofe for små kommuner