Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fleire vil på tur!

Opplevingar i naturen gjer noko med oss.

Ut på tur: Fleire vil ut på tur enn på treningssenter. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix
Ut på tur: Fleire vil ut på tur enn på treningssenter. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Paraplyorganisasjonen Norsk Friluftsliv skriv i ei pressemelding at så mange som 65 prosent av oss ønsker å bli meir fysisk aktive i det nye året, noko ei undersøking viser.

Turar til fots eller på ski toppar statistikken over føretrekte aktivitetar. 63 prosent av dei spurde ønsker å gjera meir av dette.

Resultatet frå undersøkinga viser også at det er langt fleire som vil vera fysisk aktive ute i naturen enn å trene på treningsstudio. Berre 9 prosent ønsker å trene meir i ulike typar idrettsanlegg mv.

Annonse

Dette er gledeleg og viser at «nærkontakt» med – og opplevingar i – naturen gjer noko med oss, ikkje berre fysisk men også mentalt.

I ei tid da det synest som om stadig fleire slit med psyken, også unge menneske, er det viktigare å leite etter måtar å bli kvitt psykiske utfordringar på enn å leite etter årsaka, som truleg skuldast stressande livsstil og paradoksalt nok inaktivitet.

Aktivitet, avkopling og oppleving i naturen er ein måte å bli kvitt håpløyse og mørke tankar på.

Det er dokumentert at «kontakt» med naturen er mentalhygiene, og gjer oss harmoniske og lette til sinns, noko som er bra for den fysiske og psykiske helsa vår.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Er det nødvendig å være så sint?