Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fiske – kystens livsgrunnlag

Heile vår kystkultur er i fritt fall.

Fiskeri: Stortinget skal i haust vedta nytt kvotesystem. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Før me fekk olja, stod fisken for om lag 80 prosent av norsk eksport. Det er grunn til å minna om at Stortinget gong på gong har fastlege at fisken er folkets eigedom. Likevel har Stortinget latt trålarbaronane snik-tilrana seg fri omsetning av fiskekvotane dei hadde til låns, og som dei vel å merka, ikkje eig.

Dette er ein parodi som har medført at det er trålarbaronane som har teke styringa med flåtestrukturen, ikkje politikarane.

Svære kvotar er samla på få hender, på større og større trålarar. Dette skjer på bekostning av sjarkflåten. Dette har igjen langt på veg ført til avfolking av mangt eit fiskevær. Kystfolket er fråtekne livsgrunnlaget sitt – fisken – like utanfor stovedøra si.

Då eg for nokre år sidan budde i Loppa, var det 2.700 innbyggjarar i kommunen. Nå er det Knappe 800 att. Slike døme er det mange av. Det er derfor gledeleg at Per Olaf Lundteigen og Geir Adelsten Iversen nå satsar for fullt på å støtta fiskerinæringa. Dei er Senterpartiets representantar i Stortingets Næringskomité.

Likeins er Torgeir Knag Fylkesnes frå SV ein sterk talsmann for fiskerinæringa.

Men kor er Arbeidarpartiet?

Annonse

Trålfiske er ein ekstremt dyr fangstmåte. Trålaren må fanga fleire gonger så mykje fisk per arbeidsplass som sjarken treng for å gi lønsemd. Sjarkflåten har mange fordeler framfor trålarflåten: den gir langt fleire arbeidsplassar, tek gjennomsnittleg større fisk, leverer fisk av gjennomsnittleg betre kvalitet, brukar langt, langt mindre drivstoff pr. kg fanga fisk osv.

Trålfiske er eit svært lite miljøvenleg fiske, som må trappast ned og avviklast.

Systemet med fritt omsetjelege kvotar må òg avviklast. Det har fått store konsekvensar av di: 1) kvotesystemet er i hendene på kvotebaronane (og har gjort dei rike), 2) det fordyrar fisken kolossalt (kvoteprisen blir sjølvsagt lagt på fiskeprisen 3) det har fråteke staten styringa med kvotesystemet som før blei utdelt til låns gratis og 4) fiske har blitt ei lukka næring som stengjer kystens ungdom ute.

Heile vår kystkultur er i fritt fall på grunn av desse illegalt innførte «fritt omsetjelege fiskekvotane». Det er ingen grunn for å la dette halda fram. Tabben er gjort. Staten må ta pengar frå Oljefondet og rydda opp. Det blir langt, langt dyrare for det norske folk, å la det skura.

Fiskekvotane må lånast ut gratis, som eit drosjeløyve, som først tenk og praktisert.

Betre kan det ikkje forvaltast for land og folk.

I haust skal det fattast vedtak i Stortinget om Melding St. 32 (2018-2029) frå Nærings- og fiskeridepartementet: «Et kvotesystem for økt verdiskaping – en fremtidsrettet fiskerinæring». Då har våre politikarar ein siste sjanse til å snu utviklinga og ta eit ansvar for å gi havet og fiske tilbake til kystfolket.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ekkokammerjammer!