Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ferjer er veg

Hordaland Senterparti krev at staten tek meirkostnadane for klimaomstillinga av ferjetrafikken i fylka.

Målet med ferjeavløysingsprosjekt er at stadig dyrare ferjesamband skal erstattast med bruer og tunnelar. Det vil føre til naturlege innsparingar i både privat og offentleg sektor, skriv Jostein Ljones og Hans Inge Myrvold. Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix
Målet med ferjeavløysingsprosjekt er at stadig dyrare ferjesamband skal erstattast med bruer og tunnelar. Det vil føre til naturlege innsparingar i både privat og offentleg sektor, skriv Jostein Ljones og Hans Inge Myrvold. Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Kostnadane for ferjereisande har auka stort frå nyttår, grunna den store omstillinga og elektrifiseringa av ferjeflåten i Hordaland. Dette har samla gitt ei så stor kostnadsauke, som ikkje er til å leve med! Dette gjeld i særleg grad pendlarar og næringsliv, som nyttar ferjesambanda hyppig.

Årsmøtet i Hordaland Senterparti gjekk nyleg inn for ein uttale der ein krev at billettprisane på ferjer skal reduserast, at ruteproduksjonen må aukast og ein må ta omsyn til om ein er landfast.

Staten må sørge for tilfredsstillande rammer til fylka, slik at denne meirkostnaden ikkje blir ført over på innbyggjarane aleine. Vidare krev me at Vestland fylke må greie ut Autopass-ordninga, med eit passeringstak. Dette med særleg fokus for pendlarar og yrkestransporten.

Jostein Ljones, leiar i Hordaland Senterparti. Foto: Sp
Jostein Ljones, leiar i Hordaland Senterparti. Foto: Sp

Som følgje av regjeringa sin klimapolitikk har Hordaland fylke bestemt at ferjene skal elektrifiserast. Det er verdt å merke seg at regjeringa ikkje følgjer opp med tilskotsmidlar til dei store investeringane i nye ferjer som fylka må gjere i samband med det grøne skiftet.

Annonse

Det ligg føre ein rapport (Menon-publikasjon nr. 4/19) som dokumenterer dei store ekstrakostnadane fylkeskommunen vert påført i samband med omstillinga. Det kan synast som regjeringa gjennom trong fylkesøkonomi vil tvinge fram ei ytterlegare sentralisering langs kysten. God distriktspolitikk skal leggje tilhøva til rette for gode liv og høg verdiskaping i alle delar av landet. Då må god og tenleg infrastruktur vere på plass. Eit velfungerande og godt utbygd båt- og ferjetilbod er ein viktig suksessfaktor for dette.

Me krev at staten tek meirkostnadane ved klimaomstillinga av fylka sin ferje- og hurtigbåttrafikk. Ferjeavløysingsmidlar er ei svært distriktsvenleg ordning dersom ein får den til å fungere optimalt.

Målet med ferjeavløysingsprosjekt er at stadig dyrare ferjesamband skal erstattast med bruer og tunnelar. Det vil føre til naturlege innsparingar i både privat og offentleg sektor. Det bidreg til næringsutvikling i distrikta, tilflytting, bevaring av lokalsamfunn og betre lokal beredskap.

Hans Inge Myrvold, stortingsrepresentant Sp. Foto: Sp
Hans Inge Myrvold, stortingsrepresentant Sp. Foto: Sp

Utfordringa slik ordninga no fungerer, er at fylka som vil nytte seg av ordninga får store utgifter til rente på lån dei første åra av prosjektet. Der eit prosjekt får ferjeavløysingsmidlar og i tillegg har bompengefinansiering, vert dette av regelverkte tolka som to statlege støtteordningar. Det som kjem inn via bompengar vert trekt frå maksimumsbeløpet ein kan få. Dette må rettast opp. Bompengane, som er ei vidareføring av ferjebiletten, må nyttast til toppfinansiering av prosjektet og rentebetaling på lån.

I dag er det mykje merksemd rundt store bru og samferdsleprosjekt, og det er ei av årsakene til at små men særs viktige prosjekt fell ut. Me ønskjer å realisera dei mindre ferjeavløysingsprosjekta først.

Me krev at ferjeavløysingsordninga vert endra slik at bompengane ikkje reduserer maksimumsbeløpet, men vert nytta til toppfinansiering og rentebetaling på lån.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Klimadebatten: Hvor er landbrukets lederskap?