Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fellinga skal gjerast på ein skånsam måte

Jenny Rolness skriv i eit lesarinnlegg at kampen mot skrantesjuka er galskap. Tiltaka er naudsynte, meiner Mattilsynet.

Felling; Bilete frå uttaket av villrein i Nordfjella. Foto: Marit Hommedal/NTB scanpix

Me er kjende med hennar motstand mot styresmakta sine tiltak for å kvitta seg med denne særs alvorlege dyresjukdomen. Mattilsynet ynskjar likevel å forklara kvifor me meinar tiltaka er naudsynte,

Skrantesjuke (CWD) er ein alvorleg og smittsam sjukdom hjå hjortedyr. Dyr som blir sjuke, vil ikkje overleva sjukdomen og dei vil ha mykje liding før dei døyr. Det fins ingen medisin eller vaksine mot sjukdomen. Skrantesjuke utviklar seg og spreiar seg langsamt. Smitta dyr vil skilja ut smittestoff (prioner) lenge før dyra viser teikn på sjukdom. På den måten kjem smitte ut både til andre dyr og i miljøet lenge før vi får teikn om smitten.

I tillegg vil smittestoff som kjem ut i miljøet, ha evne til å kunna smitte dyr i lang tid. Dersom CWD får etablert seg i norsk villrein, vil sjukdommen vera ein trussel for heile villreinstammen på sikt, og også for andre hjortedyr i Norge. Skrantesjuke er difor ein særs vanskeleg sjukdom å stogga eller å utrydda dersom den får etablert seg fast. Dette ser me i USA der førekomsten hjå viltlevande hjortedyr har auka frå 3 til 25 delstatar dei siste 18 åra. Sjølv om skrantesjukeprionet frå villreinen i Nordfjella er litt ulikt dei prionvariantane som ein har funne i USA, tydar funna på at sjukdomsutviklinga er lik som i USA.

Smittestoffet blei påvist i villrein i sone 1 i Nordfjella og all villrein der blei difor tatt ut. Men villreinen vandrar og me er ikkje sikre på om villreinen i Nordfjella sone 2 eller på Hardangervidda er fri for smittestoff. Dersom CWD smitta dyr fins i desse områda, skjer det ei spreiing av smittestoffet no. Det hastar difor med å få klarlagt om smittestoffet fins der slik at relevante tiltak kan settast inn for å hindra vidare spreiing så snart som råd.

Annonse

Einaste måten å finna ut om desse områda er fri for smitte, er å testa mange nok dyr for om dei har smittestoff i seg. Nå kan testen bare gjerast på daude dyr. Mattilsynet meinar det både for Nordfjella sone 2 og for Hardangervidda er viktig å raskt få testa så mange dyr at me med 90 prosent sikkerheit kan seia at smitte ikkje er til stades.

For Hardangervidda har Veterinærinstituttet, UiO og NINA, i dialog med Hardangervidda villreinutvalg og med hjelp av modellering, nyleg rekna ut kor mange villrein som må testast. For å unngå at produktiviteten går ned, kan ein retta uttaket mot bukkar for testing, medan ein sparar på kalv og simler og beheld nok bukkar til å unngå negative effektar for kalving og kalvingstidspunkt.

Mattilsynet vil gje ei klar tilråding til Hardangervidda villreinutvalg. Dersom nok dyr blir tatt ut under den ordinære jakta på Hardangervidda, har Mattilsynet ingen planer om å tilrå andre fellingstiltak. For Nordfjella sone 2 arbeidar Veterinærinstituttet med tilsvarande modellering for å rekna ut kor mange dyr som ein må ta ut under jakta i 2019. For å friskmelda stamma heilt på Hardangervidda og i Nordfjella sone 2 må me ha 99 prosent sikkerheit for at smitte ikkje er tilstades. Det vil ta lengre tid å koma dit.

Fleire har uttalt seg kritisk til om dyrevelferda blir tatt vare på under den statlege fellinga av 55 bukkar i sone 2 i Nordfjella. Miljødirektoratet har i sitt vedtak lagt vekt på at fellinga skal gjerast på ein skånsam måte og at dyra skal uroast minst mogleg. Normalt skil bukkane seg ut frå fostringsflokkane på seinvinteren. Fellingsaktiviteten vil så langt som råd bli retta mot slike bukkeflokkar. Statens naturoppsyn er ansvarleg for gjennomføringa av uttaket. Mattilsynet førar tilsyn med at fellinga blir gjort på ein dyrevelferdsmessig forsvarleg måte. Tilsynet blir utført i fjellet mens fellinga går føre seg. Mattilsynet registrerar og dokumenterar treffpunkt og skotkanal på alle felte dyr. Dette blir gjort på ferdig slakta dyr.

Det er usikkert om CWD smittestoffet er til stades i villreinen i sone 2 i Nordfjella eller på Hardangervidda. Det vil ha særs dramatiske konsekvensar dersom denne alvorlege sjukdommen får etablera seg og spreia seg. Dette gjer at Mattilsynet meinar at det er heilt naudsynt å gjennomføra ekstraordinære tiltak i ein avgrensa periode. Både for å verna bestandene av norske hjortedyr og for å verna enkeltdyr mot liding.

Også ei rekke andre tiltak er føreslåtte og igangsette: Reduksjon av talet på hjortedyr i randsonen for Nordfjella, oppsetting av gjerde for å avgrensa at dyr kan flytta seg mellom områder, forbud mot saltplassar (som er plassar dyra samlar seg og lett smittar kvarandre), omfattande prøvetaking av hjortedyr i og kring Nordfjella, Hardangervidda og andre stadar, m.m.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Nå spirer den grønne revolusjonen