Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Felleskjøpet før og no

Avstanden til Felleskjøpet har blitt større.

Felleskjøpet: I dag er vareutvalget dominert av fritidsklær og utstyr til kjæledyr, skriv innsendaren. Foto: Werner Wilh Dallawara

Gjennom over 50 år som gardbrukar har Felleskjøpet vore min viktigaste levrandør av driftsmidler og utstyr, og eg har heile tida vore medlem. Men dei siste åra har eg opplevd store endringer i vareutvalg, sørvis og tilbud.

I mi første tid som kunde og medlem var Felleskjøpet eit regionalt selskap, men gjennom ei rekke fusjonar og samanslåingar er det no blitt Felleskjøpet Agri. Etter mitt syn er avstanden til meg som kunde blitt større og vanskelegare for kvart steg i denne sentraliseringa.

Annonse

I dag er vareutvalget dominert av fritidsklær, underklær, alt som trengs, og mykje meir av for og utstyr til dei fleste kjæledyr. Hadde det ikkje vore for reolen med motorsager så ville eg tru at eg hadde gått feil.

No må eg vedgå at det er ikkje så mykje eg lengre treng av driftsmidler til min beskjedne drift. Men eg tenkte å så litt raps til haustbeite til sauene mine, så for ei tid tilbake bestilte eg nokre kilo rapsfrø. Då eg idag besøkte Felleskjøpet for å hente dette, fekk eg beskje om at rapsfrø kunne dei ikkje skaffe.

Det var så vidt eg fekk parkert min vesle bil, for nesten heile parkeringsplassen var no omgjort til eit stort hagesenter der det lavde av blomster, planter, bær- og frukttrær i full bomst. Mellom anna var det fleire sortar og storleik på appelsintrærne eg kunne kjøpe, men 10 kilo frø av forraps var ikkje å oppdrive.

Om det er slik at det framleis er noko som kallast andeler i Felleskjøpet, så er mine rimeleg til salgs!

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

For mykje mjølk