Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Feil likning frå Småkraftforeninga

Når Lars Emil Berge i Småkraftforeninga ikkje får likninga si til å gå opp, er det fordi ho er feil oppsett. Eit seminarinnlegg frå eit konsulentselskap gjev ikkje fasit på ei framtid som ingen veit noko om.

Kraft: Planane om meir fornyeleg energi i samfunn med veksande forbruk, byggjer på framskriving av venta vekst i etterspurnaden, skriv innsendaren. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Kraft: Planane om meir fornyeleg energi i samfunn med veksande forbruk, byggjer på framskriving av venta vekst i etterspurnaden, skriv innsendaren. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Lars Emil Berge i Småkraftforeninga er i Nationen 1. oktober redd vi kjem til å sakke etter i industrireisinga dersom våre granneland, og ikkje vi, vert dei som skaffar 70 TWh årleg etter 2030. Det verkar som han trur vi alle har sjansen til å skaffe dei store mengdene, berre dei interesserte får lov til å byggje.

Les kronikken frå Lars Emil Berge her:

Det hjelper ikkje at fornyeleg energi vert billegare å byggje ut når denne energien ikkje er å finne nokon stad. Nesten tre av fire større vassdrag går alt i tunnel til kraftverk. Det gjev altså rundt 140 TWh årleg. Om Berge fekk forsyne seg av alle elvar som er verna, ville han likevel komme til kort. Han ville ikkje ein gong nå 70 TWh i alt.

Annonse

Vindkraft har fått folk til å løfte motstandsfanene over heile landet. Opprøret let seg nok ikkje dempe med nokre kroner ekstra til kommunane. Folk i bygder og grender står i kringvern om sine heimelandskap.

Sameleis er det i Tyskland, det landet i Europa som har satsa mest pengar og politikk på straum frå vinden. Vel tre prosent av samla energiforbruk har dei fått til, kraft som dei balanserer med meir kolkraft når det ikkje bles. No er det i realiteten stopp. Skadane og protestane vart for store. Også i Sverige er reaksjonane sterke.

Den veksten som Berge legg til grunn – for hydrogenframstilling, datasenter, batteriproduksjon og elektrifisering av sokkelen – er nok ikkje gjennomførleg utan å brenne meir kol og olje.

Hydrogen er det verste energisløseriet som er råd å finne på. Å drive ein bil med hydrogen vil krevje rundt tre gonger så mykje straum som å køyre ein elbil. Datasenter krev urimelege mengder kraft, og gjev nesten ikkje arbeidsplassar. Altså heller ikkje velferd.

Det er lenge sidan energiproduksjonen, og alt anna vi driv med, vart større enn økologisk forsvarleg. Dei siste 40 åra har vi trengt vekk rundt halvparten av viltlevande dyr og planter på jorda.

Planane om meir fornyeleg energi i samfunn med veksande forbruk, byggjer på framskriving av venta vekst i etterspurnaden. Då vert det, som vi ser, heller ikkje nokon nedgang i utsleppa. Det kunne gjere debatten meir nøktern dersom Berge og andre fann på å spørje: Kor mykje alternativ energi er realistisk å finne?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Vil flytte makta i vindkraft-saker