Regjeringa satsar på jernbanen. Det blir bygd ut nye dobbeltspor, nye togsett kjem inn i trafikk, mobildekninga om bord blir betre og rutetilbodet blir styrkt. Vi ser at nye aktørar tenkjer kreativt for å utvikle togtilbod og –tenester til det beste for stadig fleire reisande.
Alt dette positive skal vi halde fram med å styre på eiga hand og utvikle til det betre. Både EUs fjerde jernbanepakke og våre eigne konkurransar om togtrafikken på Sørlandsbanen og i nord viser at vi har tenkt rett når vi ser kor mykje vi kan spare, og attpåtil få eit betre togtilbod - berre vi tør å prøve noko nytt. For konkurranse verkar! Poenget med den fjerde jernbanepakka er å ta bort overflødige krav og repeterande prosessar, slik at det blir enklare, rimelegare og meir effektivt å byggje, vedlikehalde og drive jernbanen. Vi vil ha meir jernbane og eit betre togtilbod for skattepengane.
Difor er det vanskeleg å forstå korleis Reidun Berntsen i Ungdom mot EU (Nationen, 29.8) klarer å engasjere seg så sterkt mot EUs fjerde jernbanepakke. For det blir teikna eit skremselsbilete om at norsk jernbanesektor kjem til å blir pulverisert, skakkøyrd og kanskje til og med tatt over av EU-byrå og -byråkratar. Men det er faktisk slik at EU-landa og EUs institusjonar er minst like opptekne av tryggleiken som vi er. Motstandarane er kanskje ikkje klar over at det i Europa er mange store jernbaneland som har ein dyktig jernbaneindustri, og langt betre utbygde jernbanenett enn det vi har i Noreg.
Eg er difor ikkje uroa over at europeiske ekspertar skal få nokre nye oppgåver med å godkjenne tog og togselskap som skal krysse landegrensene. Norske ekspertar står òg fritt til å søkje seg jobb i EUs jernbanebyrå (ERA), og Statens jernbanetilsyn deltek aktivt i dei same arbeidsgruppene som EU-landa. Våre særeigne krav får vi halde på, og sikkerheitstilsyn med dei som køyrer tog på norske strekningar skal vårt eige jernbanetilsyn drive med.