Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Et meir potet

Eg vil slå eit slag for poteta.

Me bør eta meir poteter, skriv innsendaren. Foto: Lars Johan Wiker

Skal me vera sjølberga med mat i Noreg må me dyrka det me har føresetnad for i høve til klima og topografi.

Frå gamalt av har "laktovegetarisk kosthald" vore viktig, som salige professor Knut Breirem sa. Det vil seia mjølkeproduksjon, kombinert med kjøt, kornproduksjon, potet og ymse rotgrønsaker. Bygg var det vanlegaste kornslaget, og kunne dyrkast over det meste av landet, og vart nytta til flatbrød og graut.

Knapt 30 prosent av energiinntaket i Noreg kjem i dag frå kornprodukt, ris og pasta m.m. 85 prosent av dette kjem frå kveite, som me aldri har vore sjølberga av, og som me t.d. i fjor måtte importera endå meir av.

Annonse

Her vil eg slå eit slag for poteta, som på energibasis er like rik på mineral og vitamin som kornprodukta. I tillegg har i alle høve kokt potet treigare karbohydrat enn kornprodukta, og særleg for fint mjøl, og det et me mest av. 1 kg mjøl tilsvarar over 4 kg potet på energibasis, og eg trur ein skal ha særs god mathug om ein skal klara setja til livs desse potetene i høve til mjøl. Det vil seia at potet, med trege karbohydrat, gjer at me vert tidlegare mette, og får i oss mindre energi.

I dag kjem ikkje meir enn fem prosent av energiinntaket vårt frå potet, mot fleirdobla for 50 år sidan. Me vart ikkje korkje dummare, eller feitare av det, snarare tvert imot. I dag får me i oss altfor mykje ferdigmat, sukkerhaldige og energirike drikkevarer m.m. Dette burde ein angripa, ikkje poteta som har redda mange i krisetider.

Vidare vil eg oppmoda om å nytta meir norske grønsaker, som t.d. kål, kålrot, gulrot og lauk m.m. Dette kan me stort sett dyrka over heile landet og er lagringsdyktige.

Vidare kan m.a. blomkål, brokkoli og andre grønsaker frysast, og er like gode med omsyn til mineral og vitamin.

Hadde me på denne måten nytta dei vekstane som er nemnt, kunne me langt på veg vore sjølberga. Men mange "falske profetar" tilrår meir eksotiske vekstar som me ikkje har føresetnad å dyrka her i landet, i alle høve ikkje med lønnsemd.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Jordvern kontra bustadområde